Medan Kjell Inge Røkke markerte fusjonen mellom Aker Maritime og Kværner Oil & Gas i Oslo Spektrum, fekk Stord-arbeidarane kake, tale og musikk "på golvet" på Tjøtteinen.

Med 18.500 tilsette — 12.500 av dei i Noreg - er Aker Kværner ein gigant i norsk næringsliv. Over 3000 av dei har tilknyting til Stord og hjørnesteinsbedriftene Aker Elektro og Aker Stord.

— Aker Stord og Aker Elektro har no ein fantastisk god utgangsposisjon. Og me vil lojalt slutta opp om strategien for det nye selskapet, helsa Olav Linga, administrerande direktør i Aker Elektro.

Aker Kværner blir eitt av fire forretningsområde i Kværner ASA. Det nyfusjonerte selskapet har fått ein god start oppdragsmessig. Sidan byrjinga av januar i år har dotterselskapa i Aker Kværner vunne kontraktar verd 15,5 milliardar kroner innan olje- og gassindrustrien. Den totale ordrereserven er på rundt 30 milliardar kroner. Aker Stord med sine 1240 tilsette har ein hektisk periode framover med ferdiggjering av modular til plattformene Grane, Fram Vest og Valhall. I år skal også Maureen-plattforma hoggast opp før det store Kristin-prosjektet tek til ved neste årsskifte.

FEST PÅ GOLVET: Kake, tale og musikk til arbeidarane på Stord. FOTO: OVE OLDERKJÆR