Den nye storskulen får tett oppunder 1000 elevar og 180 tilsette – derav 160 lærarar. Utfordringane som ventar er store.

– Det er ikkje til å stikka under ein stol at det har gått fordommar begge vegar mellom skulane, seier elevrådsleiar Monika Skaten (17) ved Stord vidaregåande skule. No skal ho leia det nye, samla elevrådet saman med Stian Sætre (19), som før fusjonen var elevrådsleiar ved Stord yrkesskule og tekniske fagskule.

Under same fane

– Yrkesskuleelevane har tradisjonelt hatt lite til overs for dei som går på idrettslinja på Stord v idaregåande, fortel Sætre som eit døme.

– Og på Stord vidaregåande vert det ledd ganske kraftig av kjeledressjakkane dei går med på yrkesskulen. Dessutan er det eit inntrykk at elevane røyker for mykje der oppe, supplerer Skaten.

Begge to ler, i god tru på at kulturskilnadene skal gå an å viska ut.

– Me snakkar veldig mykje med elevane og understrekar at me no gå under same fane. Og det trur me skal gå veldig bra på sikt, seier Skaten og Sætre.

Også rektor Egil Y. Bergesen ser lyst på framtida.

– Det stemmer at me har utfordringar som ventar, men dei står me klare til å takla. Blant lærarane var det var ein del skepsis i starten. Det er det rimelegvis i alle slike prosessar. Eitt av motargumenta var at skulen no ikkje er samla under same tak. Men eg føler at alle dreg i same ende av tauet. Me har samla ein fantastisk kompetanse som skal bidra til eit endå betre læringsmiljø. Det vil naturlegvis ta tid å få samkøyrt dei to miljøa, men skal få det til, slår Bergesen fast.

Farleg veg Studieinspektør Arne Steinsvåg deler sjefen sitt syn, men gjer merksam på ei lita felle.

– Nøkkelen vert å få til ein felles identitet. Dersom me ikkje klarar det, kan det fort verta syting, seier han.

Riksvegen som deler dei to skuleavdelingane skaper også hovudbry.

– Statens vegvesen rangerer vegstubben som den nest farlegaste i Sunnhordland. Og denne må elevane våre kryssa heile dagen lang. Målet må vera å få til ein miljøtunnel som gjer skuledagen tryggare, seier Steinsvåg.

Skeptisk lærar Onsdag morgon gjekk elevar og lærarar i fakkeltog gjennom Leirvik sentrum for å markera fusjonen. Alle lysa var eit imponerande skue.

– Dette er jo heilt supert. Ein utruleg kjekk start etter juleferien, seier frisørelevane og kusinene Camilla Helen Heggøy (17) og Marilén Berntsen Slåtta (17). Begge er glade for å tilhøyra storskulen.

– Ja, kvifor ikkje? Me har god tru på prosjektet og er glade for å gå på ein skule med så mange elevar, seier dei.

Ikkje alle er like positive – deriblant Sigmund Grønsdal, tillitsvalt for Utdanningsforbundet ved Stord vidaregåande skule.

– Fakkeltoget er ikkje noko hylling av det politiske fleirtalet som slo skulane saman. Det er meint som ei markering overfor publikum, slik at dei skal leggja merke til at dei har ein ny skule å forhalda seg til, seier han til lokalavisa Sunnhordland.