Fusa Kraftlag tviheld på arvesølvet og vil ikkje selja aksjeposten sin i BKK med rabatt. Dermed kan kraftlaget framleis leggja ned veto mot det omstridt aksjesalet frå BKK til Statkraft.

Vedtaket vart gjort med 66 mot 37 stemmer på eit ekstraordinært årsmøte på Samfunnshuset på Eikelandsosen i går kveld. Mindretalet stemte for at Fusa Kraftlag skulle godta dei same vilkåra for sal som Os og Osterøy har gjort.

Ekstrastolar

Før møtet kunne ta til, måtte styremedlemmene bera inn ekstrastolar for å få benka alle parthavarane som stod i kø for å få registrert seg.

Då møtet vart sett, var det 104 med stemmerett i salen. Dei representerte 6310 av dei 10.000 partane. Men ordførar Asbjørn Heidal hadde aleine 5000 partar for Fusa Kommune.

I Fusa Kraftlag er det ikkje som i Kværner eller Aker. Ein kler seg ikkje opp i dress sjølv om ein skal på generalforsamling og avgjere framtida for selskapet.

Men alvoret for dei som møtte fram var nok like stort som på ei generalforsamling i eit storkonsern. Dei fleste var menn i sin beste eller meir modne alder.

Kvinner óg

Men kvinnene var også til stades. Midt i salen sat dei tre systrene Annemor Helland, Gislaug Sandvik og Margit Eikeland.

— Tidlegare gjekk mennene våre alltid hit. Men no når vi er vorte enkjer, må vi følgja med sjølve. Men vi må lita på styret. Dette går over hovuda våre, sa dei til BT i pausa før avstemninga. For media var tilvist plass på gangen under sjølve møtet.

— Av forretningsmessige omsyn som styreleiar Magne Djuvik sa det.

Men gjennom opne glasrute og lette veggar, kunne vi likevel både sjå og lyde slik at vi fekk med oss brotstykke av debatten.

Difor kunne vi også notera oss at ordførar Heidal alt tidleg i møtet signaliserte at kommunen ville tilrå at Os og Osterøymodellen vart følgd.

Inga hjelp

Men det hjelpte ikkje. Etter ein times debatt med mange spørsmål og sindige, men bestemte meiningsytringar, var det klart at voteringa ville gå i styrets favør.

— Eg er nøgd, sa Fusa Kraftlags aller fyrste kraftsjef, Leif Grytøyr til Bergens Tidende.

— Årsmøtet har gjort eit klokt vedtak, sa 87-åringen, som var på årsmøtet saman med den 85 år gamle kona si, Liv.

— Årsmøtet har gjeve oss dei fullmakter vi treng for å gå vidare i forhandlingane, seier styreleiar Magne Djupvik til BT.

Han seier at han har fått signal om at dei andre kommunane aksepterer at Fusa ikkje kan selja aksjane med rabatt. Grunnen er at Fusa Kraftlag kjøpte seg så dyrt inn i BKK då aksjeposten laget hadde i Sunnhordland Kraftlag vart seld til BKK i 1996.

GODT NØGD: Fusingane er glad for at fusingane ikkje let seg lokka til å selja BKK-aksjer på billigsal.
FOTO: ROAR CHRISTIANSEN