— Eit nederlag, men eg er nøgd med det eg har fått utretta desse to åra, seier Morten Holmefjord, sjølvutnemnd visekonge av Fusa.

I ei visekonge-arrangert folkerøysting måndag sa fleirtalet nei til å halde på visekongen. Kravet var to tredels fleirtal for å halde fram. Av 1588 avlagde røyster sa 57,2 nei og 42,8 prosent ja.

— Kva gjer visekongen no?

— Først vil eg avlevere avskilssøknaden til eldrerådsformannen. Nyttårskveld abdiserer eg. Etter det har eg lova å gå to år i eksil. Då skal eg halde meg heilt borte frå Noreg og frå Fusa.

Kvar helst i verda turen går veit ikkje visekongen enno. Heller ikkje veit han kva som skal gjerast med krone, kappe og alle andre pontifikaliar.

— Eg håpar vi kan få til ei utstilling som dokumenterer heile prosjektet, eventuelt selje det til nokon som kan gjere seg nytte av det.

— Når du ser kva folket seier, har visekonge-prosjektet vore vellukka?

— Eg er nøgd med kva vi har fått til. Visekongen har utløyst mykje engasjement og skapt nye sosiale relasjonar. Vi har sett dagsorden slik vi ønskte, seier ein skuffa Morten Holmefjord.

Som sjølv heldt seg langt borte frå vallokalet, slik kongar har for vane her i landet.

HISTORIE: Fusa-kongen Morten Holmefjord. ARKIVFOTO: KNUT EGIL WANG