Fusa kommune har i mange år ikkje ført dei offentlege postlistene i tråd med regelverket.

Det har Os og Fusaposten fått merke når dei har søkt om innsyn i saker i postlista. Det har teke lang tid, og løfte har ikkje vorte innfridd, skriv journalisten.no

Avisa klaga til Riksarkivaren i 2004 og skreiv brev til kommunen utan å få svar. Først då avisa klaga til Fylkesmannen, reagerte Fusa kommune.

I svar til Fylkesmannen innrømmer kommunen at rutinane ikkje har vore gode nok og at det har gått ut over kvaliteten på postlistene. Eit nytt elektronisk system skal sikre kvaliteten på postlistene.

Les offentlighetslova her

Les meir om offentlighet på offentlig.no