Iallfall om ein skal tru campingfolket.

— Åh, me har det så fint her! Det er perfekt for oss pensjonistar, for det er stille og fredeleg, seier Betty Bårtvedt frå Fyllingsdalen.

Ho og mannen sit i godstolane på terrassen i nummer 94 og sleikar sol. Det norske flagget blafrar lett i vinden.

— Me flaggar for å visa dei andre at me er her, gliser Ernst.

Vogn betre enn hytte

Campingvogner med spikartelt i alle fargar og fasongar står tett i tett så langt auga kan sjå. 96 vogner har fast plass på campingplassen på Venjaneset.

Betty og Ernst føretrekkjer campingvogn framfor hytte.

— Det er alltid så mykje vedlikehald som må gjerast på ei hytte. Ei campingvogn treng berre ein vask no og då, seier Ernst.

Han er gamal sjømann, men saknar ikkje dei sju hav.

— Kva i all verda skal du til utlandet å gjera når det er så fint her?

Nokre av spikartelta er så forseggjorte med mur og små hagar at dei nesten ser ut som hytter. Hjå familien Drengenes litt lenger borti gata slynger rosene seg elegant rundt inngangsporten. Dagfinn Drengenes er snar med å visa dei fram.

— Han er ikkje lite stolt av dei, mumlar kona Britt.

Familien på fire frå Sotra har hatt campingvogna si fast på Venjaneset sidan 1992.

— Me kjenner nesten alle her etter kvart, og er her så ofte me kan, seier Dagfinn.

Dagfinn og Britt er leie av at spikartelta får negativ omtale i media.

— No må de heller skriva positivt om oss. De ser jo sjølve kor kjekt me har det.

Brått kjem det tre unggutar i full fart på sykkel i retning drengenesvogna. Det endar med at yngstesonen Alexander (15) går på hovudet. Han unngår så vidt rosebuskane.

— Bremsene fungerer jo ikkje!

Alexander kastar oppgitt frå seg sykkelen. Med kompisane Thomas Opsal (14) og Eirik Hartvedt (15) hakk i hæl småhaltar han ut på terrassen.

Campingflørting

Dei tre gutane saknar verken storbyen eller rivieraen, for det er i Fusa det skjer.

— Skriv at Fusa er ein bra plass, seier Thomas, som er ein smule inhabil i og med at han sjølv er frå Fusa.

Kameratane fastslår iallfall at dei badar, køyrer båt og har det kult på Fusa Camping.

— Og så er det mange fine jenter her, legg Thomas til med eit flir.

Gutane ber fint om å bli tatt bilde av. Men først må håret danderast med gelé. Når fotoseansen er over, har gutane det travelt.

— Me skal ned og dykka, forklarer dei.

Fotograf og journalist heng seg på. Nede på brygga ligg småbåtane side om side. Alexander og Thomas hiv på seg våtdrakter, svømmeføtter og dykkarmasker. Ein liten båttur seinare ligg dei og plaskar i den blenkjande sjøen.

— Ser du nokke? spør Alexander.

— Eg såg ein sååå stor fisk!

Thomas viser ivrig med hendene.

— Og så masse tang då, medgir han før han dykkar ned i djupet igjen på jakt etter kjempefisken.

Sunde, Helge
Sunde, Helge
Sunde, Helge