Terje Ulvedal

Det var rundt klokka 13 i går ettermiddag at ein miniubåt gjorde funnet på 43 meters djup. Den omkomne blei raskt henta opp frå fjorden og identifisert seinare på dagen.

Mannen blei tatt av det store raset som gjekk ved Lånefjorden søndag kveld. Fleire personar var vitne til raset i fjordarmen til Sognefjorden. Ein av dei, Harald Bjordal, fortalde til Bergens Tidende i går at han høyrde ei veldig buldring frå fjellet. Like etter kom ein bil køyrande frå Høyangertunnelen. Bilen stoppa ved raset, stod der kring eit halvt minutt, før lysa forsvann nedover.

— Det såg ut som bilen forsvann utfor vegen, fortalde Bjordal i gårsdagens BT. Dette skjedde rundt klokka 21 søndag, og Bjordal varsla straks politiet.

Funnen

Måndag morgon blei det sett i gang leiting, men grumsete vatn på grunn av skredet gjorde leitinga svært vanskeleg. Same dag leiteaksjonen tok til, blei det funne klede på andre sida av fjorden. Natt til tysdag blei så mannens bil observert på 31 meter djup.

Frå tidleg morgon i går blei det leita over store område i Lånefjorden, men leitinga under vatn blei konsentrert om området nær bilen. Etter funnet i eitt-tida i går, blei leiteaksjonen trappa ned.

Riksvegen mellom Høyanger og Balestrand som blei stengd etter raset måndag, blei opna att i går ettermiddag.

Kjend over heile fylket

Jofred Takle var seksjonsleiar ved miljøvernavdelinga til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, der han hadde arbeidd sidan 1982. Før det var han sekretær for fylkesfriluftsnemnda, i den tid ho låg under fylkeskommunen. Takle var busett på Leikanger, men kom opphavleg frå Brekke i Gulen. Han etterlet seg kone og to vaksne barn.

Dei tilsette ved miljøvernavdelinga og leiinga hos Fylkesmannen blei informerte om at Takle var meld sakna måndag.

— Då samla vi kollegaene på avdelinga og var saman med dei. I dag vil vi halde ei intern minnestund, seier assisterande fylkesmann Ingrid Bjørkum i Sogn og Fjordane.

Ho understrekar at den tragiske ulukka er eit stort tap for fylkesmannsembetet.

— Vi er i sjokk og sorg, og våre tankar går til dei næraste. Jofred Takle var ein høgt respektert tilsett som hadde arbeidd ved embetet i 22 år, heile tida med miljøvern som saksfelt. Han sat inne med store kunnskapar, og var svært godt kjend over heile fylket, seier Bjørkum.

LEITEAKSJON: Mannen som blei tatt av raset, blei funnen ved hjelp av ein miniubåt. Leitinga var svært vanskeleg, ettersom vatnet var grumsete etter raset.