Den 76 år gamle gardbrukaren skulle torsdag ettermiddag brenne ein del hageavfall, og kona hans reagerte då han ikkje kom heim att til vanleg tid. Ho varsla naboane, som fann mannen liggande død i bålet likk over klokka 21.

— Dette er ei tragisk ulukke. Den omkomne hadde noko svak helse, så vi kan ikkje utelukke at han har fått eit illebefinnande før han fall framover på bålet, seier lensmann Håvard Stensvand i Leikanger til bt.no.

Den omkomne er sendt til rutinemessig obduksjon, opplyser politiet.