Familien har fått sett bilde av tinga som blei funne ikkje langt frå Henningsvær. Men ingen kan kjenne att gjenstandane, og Hovudredningssentralen for Nord-Norge konkluderer difor med at dei ikkje kan stamme frå fiskebåten.

Også i dag held leitinga fram. To båtar frå kystvakta skal gjere nye søk, og folk frå Sivilforsvaret skal gå langs strender i området.

«Brendholm» blei sist sett i Henningsvær i Lofoten torsdag for over ei veke sidan. Fiskarane Kjartan Bauge og Otto Kalland sette då kursen heimover etter å ha vore på fiske i ein måndag.