Det var langfredag at Norges Handikapforbund Bergen arrangerte tur for funksjonshemma på Kvamskogen. Men turen var over nesten før han var i gang. Vegen til Steinkvandsdalen var stengd med bom. Grunneigarlaget nekta å opne bommen for følgjet med totalt 11 funksjonshemma og hjelparar.

— Heilt uforståeleg. Ikkje minst fordi vi for eitt år sidan klarerte bruk av køyrety i området både med Kvam herad og Kvamskogen Grunneigarsamskipnad, seier nestleiar for handikapforbundet i Bergen, Inge Dahlberg.

Køyrt opp dagen før

Turen var planlagt lang tid i førevegen. Og for ikkje å øydeleggje preparerte løyper og vere til sjenanse for andre påsketuristar, køyrde handikapforbundet opp løypa for turen dagen før. Då stod bommen oppe. Men fredag morgon var han nede og låst.

— Då vi tok kontakt med grunneigarane fekk vi beskjed om at vi ikkje ville få køyre inn i området, fortel Dahlberg.

Dei funksjonshemma som hadde gleda seg til ein vakker dag i påskefjellet, var naturleg nok svært skuffa.

— Dei hadde sett fram til turen lenge. Det går nesten ikkje an å setje ord på frustrasjonen dei kjende.

Tolte ikkje vogna

Grunneigarlaget seier dei stengde vegen fordi han ikkje tolte beltevogna.

— Det er ein jordveg som vi aldri har blitt gitt løyve til å bruke tyngre køyrety på, utanom på sommaren. Teleløysinga er i full gang, og vegen ville blitt skada, seier Henrik Steine, ein av 18 grunneigarar i Steinkvandsdalen.

— Men kvifor var vegen open dagen før?

— Ein annan av grunneigarane såg beltevogna i området. Vi hadde også nokre tilfelle av at det blei prøvd å køyre inn med personbilar. Dette gjorde at vi stengde vegen.

Overfor Bergens Tidende avviser ikkje Steine at handikapforbundet har fått munnleg aksept frå leiaren i grunneigarsamskipnaden.

— Men samskipnadens oppgåve er å drive preparering av løyper. Det er grunneigarlaget som må gje løyve til å bruke vegen, seier Steine.