Torsdag fortalde BT historia om Tone Fossland som døde etter fall frå rullestol medan ho skulle berast ut av flyet på Bergen Lufthavn. Fleire funksjonshemma rapporterer no om dårlege opplevingar med berehjelp.

Då rullestolbrukar Atle Møen reiste frå Flesland 28. mai la han merke til at løftestolen ikkje var i brukeleg stand. Kona og assistenten løfta difor sjølv Møen frå rullestolen til flysetet.

— Kona mi gav direkte beskjed til dei som kom med stolen om at tryggingsbeltet mangla på løftestolen, og difor ikkje kunne brukast.

Då ekteparet kom heim igjen ei veke seinare kom personalet likevel med same stolen. Dagen etter falt Tone Fossland rett i bakken på veg ut flydøra.

— Det er diverre ikkje ei tilfeldig årsak til denne triste ulukka, den skuldast sviktande rutinar, til dels slurv og manglande vilje til å hjelpe funksjonshemma om bord i flyet, meiner Møen.

Gjeld alle transportmiddel

— Eg kjenner til fleire funksjonshemma som ikkje tør å ta fly fordi dei er usikre på kva berehjelp dei får, og om tryggleiken er god nok, seier Ingeleiv Haugen, regionsleiar i Norges Handikap Forbund Sørvest.

Heller ikkje andre offentlege transportmiddel er godt nok tilrettelagt for funksjonshemma, ifølgje Haugen.

— Vi har rett på å bli møtt som fullverdige kundar. Alle skal kunne nytte offentleg transport, det skal ikkje vere slik at funksjonshemma ikkje kan kome seg fram utan spesialassistent.

Møen seier mykje er overlate til tilfeldigheitene, og fryktar at nye ulukker vil skje.

— I drosjer verkar det som om det er mykje opp til den einskilde sjåfør å sørgje for at festeutstyret er i orden. Her er det store variasjonar, seier Møen.

Blei oppskrapa

Møen er ikkje åleine om å kjenne seg utrygg når han skal ut og fly.

— Mor mi tør ikkje reise åleine lenger fordi dei ikkje klarar å flytte ho frå rullestolen til flysetet og tilbake. Dei både klemstrar og skrapar ho, fortel Sølvi Hjørnevik.

Mor til Hjørnevik er ufør og sit i rullestol. Hjørnevik er frustrert over det ho meiner er manglande vilje til å vise omsyn ovanfor funksjonshemma.

— Sjølv om vi seier ifrå på førehand at mor mi er ufør og treng god plass, vert ho plassert bakarst i flyet. Ein gong blei ho plassert i ein gjennomvåt berestol før ho skulle reise heilt til Alta, seier Hjørnevik.

- Får ikkje hjelp

Møen fortel at han alltid gjev beskjed om at han treng berehjelp når han bestiller flybillett, men at informasjonen aldri kjem vidare.

— Ved ombordstigning blir eg alltid sitjande som eit spørsmålsteikn medan eg ventar og ventar, men ingen har fått beskjed om at eg treng denne hjelpa, seier Møen.

Han meiner dei sviktande rutinane har blitt eit større problem dei siste 5-10 åra, og trur det er eit resultat av lågprispolitikken innan flynæringa.

— Det er trist at slike ulukker skjer, for det er så lite som skal til for å hindre det. Dei ansvarlege må sørgje for at bereutstyret er i orden, og at personalet får minimal opplæring, seier Møen.

DÅRLEGE ERFARINGAR: Det er jamt over dårlege rutinar for transport av folk i rullestol, seier Atle Møen.