Fundo-tilsette misser pensjon

Årsaka er at verksemda slutta å betale pensjonspremie for sine tilsette, skriv avisa Firda. Pensjonspremien for dei tilsette slutta å eksistere frå 1. oktober 2007 – eitt år og tre månader før verksemda gjekk konkurs.

Bustyrar i konkursbuet, Knut Ro, stadfestar at pensjonsopptening er tapt.

– Fundo Wheels har ikkje betalt. Så enkelt er det. Vi har fått ei fordringsmelding frå Vital Forsikring, og den har vi ikkje tenkt å gjere noko med. Dette er ei uprioritert fordring, og vi har ikkje pengar å betale med, seier Ro til Firda.

Dei tidlegare tilsette ved Fundo er opprørt over opplysningane.

– Det høyrest heilt horribelt ut når Vital skriv til oss at pensjonsordninga tok slutt 1. oktober 2007, og at vi er melde ut av ordninga frå same dato. I 2007 hadde Fundo rett nok underskot, men var eit selskap i god vigør og med rundt 400 tilsette, seier tidlegare Fundo-tillitsvald, Henrik Fjeldsbø til avisa.

Også tidlegare administrerande direktør, Hroar Holm Carlsen, vedgår at det ikkje er betalt inn pensjonspremie. Nøyaktig kor tid dei slutta å betale inn premien, kan han derimot ikkje svare på.

STØTTE: Statsminister Jens Stoltenberg besøkte nedlagte Fundo i Høyanger 19. mars. Til venstre ordfører Kjartan Longva i Høyanger og til høyre Ståle Thorbjørnsen som har vært leder for produktutvikling ved fabrikken.
MARIT HOMMEDAL / SCANPIX