Fundo-tilsette fekk ikkje løn
Dei tilsette på felgfabrikken Fundo i Høyanger fekk ikkje løn slik dei skulle i dag. I ettermiddag er det kalla inn til ekstraordinært styremøte.
AV: terje ulvedal
– Det som skjer no er veldig frustrerande. Mange er i ein svært vanskeleg situasjon. I fleire familiar jobbar begge dei vaksne på felgfabrikken, seier Arnt Dønnem, representant for dei tilsette i styret.
Felgfabrikken er i alvorlege vanskar. Dei gjekk inn i julehelga med kring halve arbeidsstokken på 200 i permitteringar og resten på ekstra lang juleferie.
I ettermiddag er det kalla inn til ekstraordinært styremøte i selskapet. Styremøtet, som skal vere på telefon, tek til klokka 17.
– Eg reknar med at den vanskelege situasjonen for selskapet er det som skal drøftast, seier Dønnem.
Les også
Siste fra Lokalt
Relaterte bilder
FOTO: ?ystein Torheim