Heile tysdagen sat ordførar Kjartan Longva og rådmann Arvid Lillehauge i Høyanger i samtalar med representantar for felgfabrikkens banksamband, Gjensidige Nor og Sparebanken Sogn og Fjordane.

Driftsstans er døden

— Vi har fått til ei løysing som sikrar at Fundo Wheels vil halde drifta oppe til neste mandag, seier Longva til Bergens Tidende.

— Innan den tid forventar vi at eigarane kjem på bana med framlegg til varige løysingar for bedrifta.

Longva har arbeidd hardt for å gje bedrifta dette pusterommet, og sat i nye maratonmøte i Oslo tysdag. Det har han gjort i vissa om at dersom drifta ved Fundo Wheels stoppar opp, så er det for godt.

— Ein driftsstans no ville vere døden for Fundo, seier han.

— No må eigarane ta over, eg er ordførar og ingen bedriftseigar.

Longva utfordrar med dette dei arabiske majoritetseigarane i Fundo Wheels AS, men også Hydro som framleis sit med ein eigardel på 20 prosent i verksemda.

Vente i uvisse

— Det var førre fredag vi i kommunen fekk vite at Fundo i realiteten er konkurs. Det tok oss fire timar å stable på beina ein fem millionars lånegaranti. No har vi sikra eigarane eit pusterom, og det er dei som må køyre dette løpet vidare.

Onsdag reiser kommunetoppane tilbake til Høyanger, etter å ha drøfta situasjonen med sine advokatar. Så er det berre å vente. Dermed er det duka for ny venting i uvisse for industrisamfunnet Høyanger, der langt meir enn dei 350 Fundo arbeidsplassane no står på spel. Felgfabrikken sysselset fleire enn sjølve metallverket i Høyanger, og ringverknadene ved ein kollaps vil vere dramatiske.