— Vi har driftskreditten på plass slik at vi kan kome i gang igjen seier administrerande direktør Hroar Holm Carlsen.

Dermed får cirka 220 tilsette kome attende på jobb, medan 50-60 tilsette framleis vil vere permitterte.

Fundo Wheels lagar aluminiumsfelgar og er hardt råka av det store fallet i sal av nye bilar. Tysdag stogga DnB NOR kassakreditten fordi banken meinte verksemda hadde brote ein avtale om å skaffe ny eigenkapital.

Etter møtet med mellom andre DnB NOR i dag reknar Carlsen med at dei tilsette i byrjinga av neste veke får utbetalt løn for desember. Løna skulle eigentleg betalast 29. desember, men dei då lønningsdagen kom hadde Fundo ikkje pengar til å gjere opp for seg.

Holm Carlsen seier han reknar med ei avklaring også om ny eigenkapital til Fundo i løpet av neste veke.

Bedrifta har vore i møte både med Innovasjon Norge og næringsminister Sylvia Brustad, men Holm Carlsen er sparsam med opplysingar om kva partane er blitt samde om.

— Alle brikker er ikkje på plass, men vi har ei skisse til løysing, slik at vi kan kome i gang med produksjonen frå måndag, seier han.

Arkiv