Fundo konkurs
Bustyret har ein månad på seg til å finne nye eigar. Elles er det kroken på døra for 320 tilsette.
Bilder
- Publisert: 12.jan.2009 14:41
- Oppdatert: 12.jan.2009 23:42
Fundo Wheels i Høyanger har blitt hardt ramma av nedgangen i salet av nye bilar. På lønningsdagen 29. desember hadde ikkje verksemda pengar til å betale dei 220 ansatte. 50-60 personar har vore permittert.
Tirsdag i forrige veke stansa DNB NOR kassakreditten, men før helga blei det sagt at drifta skulle vere i gang igjen frå i dag. No er det altså likevel slutt.
Les også: Vanskelig for mange familier
På eit informasjonsmøte i dag blei det opplyst at banken vil sikre økonomi til nødvendig drift ein måned frå dags dato. Banken vil også forskuttere utbetaling av desemberlønninga, i påvente av utbetaling frå NAV lønnsgaranti.
Volvo avgjerande
Administrerande direktør Hroar Holm Carlsen fortel at produksjonen starta opp
att som planlagt i dag til trass for konkursen. No vil det vere
døgnkontinuerleg drift den neste månaden.
– Det viktigaste for meg var å få driftskapital til å drive vidare og utbetale løn mens det vart jobba med å finne nye eigarar, seier Carlsen.
Han fortel at Volvo og Audi, som er dei største kundane, har vorte informert om situasjonen.
- Ekstremt vanskeleg
I dag klokka eitt fekk Kaia Solaas meldinga ho korkje hadde venta eller
ynskt.
– Eg hadde ikkje trudd at i dag skulle vi få den beskjeden. Det er ikkje lett å få seg ny jobb i Høyanger,seier Solaas.
Både ho og sambuar Geir Sverre Urnes jobbar på fabrikken og gjekk kveldsskift i dag. I helga fekk dei melding om å møte på jobb, etter ein månads stillstand. At første arbeidsdag skulle starte med eit allmannamøte som varsla konkurs var dei ikkje budde på.
No set dei all sin lit til at bustyret skal få lokke nye eigarar til å satse på fabrikken. Begge har barn frå tidlegare forhold, og vil bli i kommunen.
– Det er ekstremt vanskeleg, det er ikkje lett å flytte på seg, seier Solaas.
Gladmelding frå Volvo
Arvid Lillehauge er rådmann i Høyanger kommune og sit som nestleiar i
Fundo-styret. Han fortel at Fundo hadde eit møte med Volvo førre veke.
Ein føresetnad for vidare drift er at Volvo AB gir buet og banken melding om at dei vil halde fram å kjøpe hjul frå Fundo. I dag fekk dei den nødvendige bekreftelsen frå Volvo.
– Ja, vi har fått ein skriftleg stadfesting på at Volvo vil halde fram å kjøpe hjul frå Fundo. Det er inga vits å leite etter nye eigarar dersom ikkje kundane er interessert i å kjøpe produktet, så denne bekreftelsen var heilt nødvendig. Det var avgjerande for oss å vite at Volvo ikkje ser seg om etter andre leverandørar, seier Lillehauge.
Volvo har meldt om eit behov på 450.000 hjul frå Fundo for 2009. Det er om lag halvparten av den planlagde totalproduksjonen for inneverande år.
Lillehauge er framleis optimist.
– Men vi er førebudd på at det vil bli vanskeleg å finne nye eigarar, seier han.
Kommunen går ikkje inn
I 2001 gjekk Høyanger
kommune inn og tok over eit kriseråka Fundo.
Slik vart 380 arbeidsplassar redda den gong. Men ein liknande redningsaksjon
er ikkje aktuelt denne gongen, ifølge ordførar Kjartan Longva (Ap).
– Nei, ikkje det heile tatt. Vi skal ikkje inn i dette igjen, seier Longva, og viser til at dei ikkje har meir pengar å spytte inn.
– Var det ein tabbe å investere i utgangspunktet?
– Nei, den gongen hadde vi ikkje noko val. Vi brukte 17 millionar kroner, og kjøpte 70 prosent av verksemda.
Seinare har kommunen selt seg ned, slik at dei no eig 53 prosent av aksjane i Fundo.
Jakt på nye eigarar
Innovasjon Norge og Høyanger kommune har kvar satt av 500.000 kroner til
arbeidet med å finne nye eigarar.
– Dersom vi ikkje klarer å skaffe ein ny investor i løpet av denne månaden, vil det vere kroken på døra. Så realistiske lyt vi vere, seier Longva.
Han seier at verksemda har slite med underskot både i 2006 og 2007, men at det var utviklinga i bilbransjen som fekk det til å bikke over. Ein endeleg konkurs vil få store konsekvensar, ikkje berre for Høyanger.
– Enorme konsekvensar, det er heilt klart, seier ordføraren.
Han viser til dei 320 tilsette på bedrifta, i tillegg til at verksemda handlar for 75 millionar kroner årleg i Sogn og Fjordane.
Ikkje uventa
Dei tilsette er letta over at det er sikra drift i ein månad fram i tid, og
håper at det skal la seg gjere å finne ein ny eigar i løpet av perioden.
– Det er ikkje berre å knipse i fingrane. Det blir nok truleg den største utfordringa vi har hatt på Fundo, seier Erik Flæthe, som er hovudtillitsvald.
Dei tilsette blei informert før pressekonferansen i dag.
– Det var ein del folk som hadde venta dette. Eg trur det er ein smule lettelse over å sjå at det framleis er mogleg å gjere noko, seier Flæthe.
Årsaka til konkursen, forklarer han slik:
– Finanskrisa gjorde at amerikanarane byrja å kjøpe mindre bilar. Og så drog dette seg over til Europa.
Kva konsekvensar får konkursen? Diskutér!
Kommentarer
Diskuter: Fundo konkurs
Synd men sant!
RE: Diskuter: Fundo konkurs
Diskuter: Fundo konkurs
Som leverandør ser eg frem til at Dere starter denne fabrikken opp snarest. Dei alle beste ønsker for en suksessrik fremgang videre.
Terje Salte
Multimek AS-D.l
Kutt alle engangsavifter på nye biler
Diskuter: Fundo konkurs
Hvor er Jens nå??
RE: Hvor er Jens nå??
Diskuter: Fundo konkurs
situasjonen med verdensøkonomien !!!!!!!!!
RE: Diskuter: Fundo konkurs
Ja, ...
RE: Ja, ...
Diskuter: Fundo konkurs
aluminium. Hva med alu.felger til Alle bobil-merkene. Dette er en
kjøpesterk, forfengelig gruppe. Det selges 1000vis av bobiler
i Europa hver måned. 90% leveres på stål-felger, og det er lite
alu-felger å få fatt i(må tåle høy vekt) Omstilling og nytenkning istedenfor depresjon !!!
RE: Diskuter: Fundo konkurs
Alu felger til Traktor`n hadde også vært stilig!
RE: Diskuter: Fundo konkurs
Har du tenkt over hva det koster å omstille til og nyutvikle andre typer felger med sånne krav?
Ikke helt den rette veien å gå med en bedrift som allerede er så til de grader på tynn is.
Diskuter: Fundo konkurs
Fikk beskjed sjøl om at firmaet eg (e permittert) ansatt i må ta kroken på døren, og skal på møte på onsdag...
Men lurer på om felger o.l. som er produsert blitt konkurs-solgt? Uten at eg skal sko meg på andre sin elendighet, siden eg e midt i det sjøl...
Din kommentar
Søk i skattelistene Topplister
Bilder
-
RÅKA AV KONKURS: Kaia Solaas og sambuar Geir Sverre Urnes ønskjer å bli i Høyanger, men er avhengig av ny eigar i verksemda. Tor Høvik (Foto)
-
TID TIL PAUSE: Første dag på jobb etter at fabrikken har vore stengt i ein månad. Kjell Nylund (til venstre) var med på den førre konkursen. For Olav Torsnes kom konkursen på eit ekstra trasig tidspunkt – han vart far for to og ei halv veke sidan. Høvik, Tor (Foto)
-
Administrerende direktør i Fundo, Hroar Holm Carlsen. Øystein Torheim (Foto)
3 mest leste artikler »
-
Danmarksbåten skal gå hver dag
Se tegninger av de nye danskebåtene! Avgang fra Bergen hver dag.
-
Innfører forbud mot bilvask
Nye forbud i hele Bergen i dag. Sløser du nå, kan kommunen stenge av vannet ditt!
Vegrapport
-
Rv 7
Hardangervidda
-
Rv 13
Vikafjellet
-
Rv 60
Utvikfjellet
-
Rv 53
Tyin - Årdal
-
Rv 52
Hemsedalsfjellet
Følg alle skip direkte
Bt.no har mange digitale tjenester. Her kan du følge skipstrafikken i Hordaland minutt for minutt.
På forsiden nå
- 20:25 Stenger kranene
- 19:52 Får fylle opp fergene
- 18:08 Brasilianer skal trene med Brann
- 17:51 Havnet under gravemaskin
- 17:16 Elev påkjørt av buss
- 16:39 Trafikksyndere i fleng
- 16:00 Travel dag for barnehagestyreren
- 15:50 Derfor må vannet kokes
- 13:46 Får ikke saksøke regjeringen
- 13:36 Dagbok om sex, sprit og penger
Webkamera
Søk i skattelistene
Hva koster egentlig nabohuset ditt?
Her kan du finne det ut! Prøv vårt boligsøk.






























































Siste Kommentarer
Ja, ...
Diskuter: Fundo konkurs
Diskuter: Fundo konkurs
Se alle innlegg