Fundo Wheels i Høyanger har blitt hardt ramma av nedgangen i salet av nye bilar. På lønningsdagen 29. desember hadde ikkje verksemda pengar til å betale dei 220 ansatte. 50-60 personar har vore permittert.

Tirsdag i forrige veke stansa DNB NOR kassakreditten, men før helga blei det sagt at drifta skulle vere i gang igjen frå i dag. No er det altså likevel slutt.

Les også: Vanskelig for mange familier

På eit informasjonsmøte i dag blei det opplyst at banken vil sikre økonomi til nødvendig drift ein måned frå dags dato. Banken vil også forskuttere utbetaling av desemberlønninga, i påvente av utbetaling frå NAV lønnsgaranti.

Volvo avgjerande

Administrerande direktør Hroar Holm Carlsen fortel at produksjonen starta opp att som planlagt i dag til trass for konkursen. No vil det vere døgnkontinuerleg drift den neste månaden.

– Det viktigaste for meg var å få driftskapital til å drive vidare og utbetale løn mens det vart jobba med å finne nye eigarar, seier Carlsen.

Han fortel at Volvo og Audi, som er dei største kundane, har vorte informert om situasjonen.

— Ekstremt vanskeleg

I dag klokka eitt fekk Kaia Solaas meldinga ho korkje hadde venta eller ynskt.

– Eg hadde ikkje trudd at i dag skulle vi få den beskjeden. Det er ikkje lett å få seg ny jobb i Høyanger,seier Solaas.

Både ho og sambuar Geir Sverre Urnes jobbar på fabrikken og gjekk kveldsskift i dag. I helga fekk dei melding om å møte på jobb, etter ein månads stillstand. At første arbeidsdag skulle starte med eit allmannamøte som varsla konkurs var dei ikkje budde på.

No set dei all sin lit til at bustyret skal få lokke nye eigarar til å satse på fabrikken. Begge har barn frå tidlegare forhold, og vil bli i kommunen.

– Det er ekstremt vanskeleg, det er ikkje lett å flytte på seg, seier Solaas.

Gladmelding frå Volvo

Arvid Lillehauge er rådmann i Høyanger kommune og sit som nestleiar i Fundo-styret. Han fortel at Fundo hadde eit møte med Volvo førre veke.

Ein føresetnad for vidare drift er at Volvo AB gir buet og banken melding om at dei vil halde fram å kjøpe hjul frå Fundo. I dag fekk dei den nødvendige bekreftelsen frå Volvo.

– Ja, vi har fått ein skriftleg stadfesting på at Volvo vil halde fram å kjøpe hjul frå Fundo. Det er inga vits å leite etter nye eigarar dersom ikkje kundane er interessert i å kjøpe produktet, så denne bekreftelsen var heilt nødvendig. Det var avgjerande for oss å vite at Volvo ikkje ser seg om etter andre leverandørar, seier Lillehauge.

Volvo har meldt om eit behov på 450.000 hjul frå Fundo for 2009. Det er om lag halvparten av den planlagde totalproduksjonen for inneverande år.

Lillehauge er framleis optimist.

– Men vi er førebudd på at det vil bli vanskeleg å finne nye eigarar, seier han.

Kommunen går ikkje inn

I 2001 gjekk Høyanger kommune inn og tok over eit kriseråka Fundo. Slik vart 380 arbeidsplassar redda den gong. Men ein liknande redningsaksjon er ikkje aktuelt denne gongen, ifølge ordførar Kjartan Longva (Ap).

– Nei, ikkje det heile tatt. Vi skal ikkje inn i dette igjen, seier Longva, og viser til at dei ikkje har meir pengar å spytte inn.

– Var det ein tabbe å investere i utgangspunktet?

– Nei, den gongen hadde vi ikkje noko val. Vi brukte 17 millionar kroner, og kjøpte 70 prosent av verksemda.

Seinare har kommunen selt seg ned, slik at dei no eig 53 prosent av aksjane i Fundo.

Jakt på nye eigarar

Innovasjon Norge og Høyanger kommune har kvar satt av 500.000 kroner til arbeidet med å finne nye eigarar.

– Dersom vi ikkje klarer å skaffe ein ny investor i løpet av denne månaden, vil det vere kroken på døra. Så realistiske lyt vi vere, seier Longva.

Han seier at verksemda har slite med underskot både i 2006 og 2007, men at det var utviklinga i bilbransjen som fekk det til å bikke over. Ein endeleg konkurs vil få store konsekvensar, ikkje berre for Høyanger.

– Enorme konsekvensar, det er heilt klart, seier ordføraren.

Han viser til dei 320 tilsette på bedrifta, i tillegg til at verksemda handlar for 75 millionar kroner årleg i Sogn og Fjordane.

Ikkje uventa

Dei tilsette er letta over at det er sikra drift i ein månad fram i tid, og håper at det skal la seg gjere å finne ein ny eigar i løpet av perioden.

– Det er ikkje berre å knipse i fingrane. Det blir nok truleg den største utfordringa vi har hatt på Fundo, seier Erik Flæthe, som er hovudtillitsvald.

Dei tilsette blei informert før pressekonferansen i dag.

– Det var ein del folk som hadde venta dette. Eg trur det er ein smule lettelse over å sjå at det framleis er mogleg å gjere noko, seier Flæthe.

Årsaka til konkursen, forklarer han slik:

– Finanskrisa gjorde at amerikanarane byrja å kjøpe mindre bilar. Og så drog dette seg over til Europa.

Kva konsekvensar får konkursen? Diskutér!

Tor Høvik
Høvik, Tor
Administrerende direktør i Fundo, Hroar Holm Carlsen.
Øystein Torheim