— Volvo er på plass her i Høyanger med to representantar frå si innkjøpsavdeling, opplyser administrerande direktør Arvid Ullebø ved Fundo Wheels.

— Volvo har gjeve oss garantiar for råvareinnkjøp og transport, slik at dei er sikra å få levert aluminiumshjul til sine bilar.

På overflata går produksjonen ved Fundo som normalt, medan eigarar og kreditorar forhandlar i Oslo om framtida for fabrikken. Mens dette skjer, går fabrikkens inntekter inn på sperra konto. Full produksjon medfører løpande utgifter, og Volvo har no gått inn og sikra seg leveransar gjennom å gje Fundo garantiar.

Storkundar som Volvo, Saab, Audi og BMW opererer utan lager, og skal i praksis ha aluminiumshjula levert presis når bilane er klar til å rulle ut frå samlebanda. Dermed blir situasjonen deira akutt dersom Fundo skulle kollapse. Dette er ein grunn for at dei tilsette i Høyanger kan håpe på vidare drift.

— Bilprodusentane må ha hjul til bilane sine. Difor trur eg på at det vil bli vidare drift ved Fundo, i ei eller anna form, seier Jarle Molde, tillitsvald for FLT (Forubundet for Ledelse og Teknikk) i Høyanger til bt.no. Molde, som også er leiar i samarbeidskomiteen for tillitsvalde i Hydro, meiner at for mange har for mykje å tape på at Fundo går overende. - Dei store produsentane har ingen leverandør som kan erstatte Fundo på kort sikt, og vi veit at det nett no er stor mangel på aluminiumshjul ute i Europa.

Lokalsamfunnet i Høyanger held no pusten i påvente av ei avgjerd for Fundo med sine 350 tilsette. I tillegg er felgfabrikkens lagnad avgjerande for ei rekke lokale transport- og tenesteytande bedrifter.