Av ein omsetnad på 312 millionar så langt i år, har selskapet henta ut 21,3 millionar kroner i overskot mot 17,6 på same tid i fjor.

Hovudårsaka er betre marginar og lægre kostnader, seier direktør Arvid Ullebø i ei pressemelding.

Fundamus har framleis rikeleg med ordrar, og har selt kvart einaste av dei 810.800 aluminiumshjula fabrikken har produsert dei tre første kvartala i år.

Fabrikken leverer originalhjul til bilfabrikkar i Tyskland og Sverige.