Så mykje kunne han i alle fall lova, Inge Børslien, då han torsdag kveld drog i gang folkeaksjonen for Jondalstunnelen i Odda kino.

At bortimot 600 oddingar, jondøler og andre hardingar hadde våga seg ut i snøsørpa, vitnar om at engasjementet i indre Hardanger er stort. Men ein kunne óg få det inntrykket at Jondalstunnelen er ei sak fyrst og fremst for mannfolk.

Med hakke og spade

— No gjeld det at kvar og ein gjer ein innsats. Knip det, får vi mobilisera med hakke og spade og ta til på tunnelen sjølve. For no vil vi ikkje venta lenger. Med Jondalstunnelen får vi mykje veg for pengane, sa Inge Børslien til ei lydhøyr forsamling.

Deretter las han opp namna på eit interimsstyre som skal få folkeaksjonen skikkeleg på føter. Alle som har noko dei skulle ha sagt, skal knegåast, og bedrifter og andre vert bedne om å bidra med pengar for å halda aksjonen i gang.

— Vi treng driftsmidlar for å halda fram med å arbeida inn mot dei styresmaktene som skal avgjera desse sakene, seier Odda-ordførar Toralv Mikkelsen.

Ikkje mot Hardangerbrua

Engasjementet i Odda-regionen spring ut frå ein frustrasjon over at Hardangerbrua synest å ha mest støtte frå den politiske leiinga i fylket og frå Hordalands-benken på Stortinget.

— Men vår aksjon rettar seg ikkje mot bygging av Hardangerbrua. Vi vil bruka kreftene på å arbeida for at Jondalstunnelen vert bygt. Grunnen er rett og slett at dette vil vera aller kortaste og sikraste vegen mellom Odda og Bergen, seier Børslien.

Vera eller ikkje vera

Det er mange ordførarar i Hardanger, men på møtet i Odda fann vi berre to. Forutan Toralv Mikkelsen hadde sjølvsagt også Jondal-ordførar John Skogseth funne vegen.

— For Jondal kommune er tunnelen eit vera eller ikkje vera. Tunnelen vil dessutan gjera kommunane på Folgefonnhalvøya til ein arbeidsregion og ein utdanningsregion, sa Skogseth.

Ingen pengar

Frustrasjonen i Odda-regionen rettar seg og mot manglande politisk vilje til å prioritera Jondalstunnelen. Det var venta, eller i alle fall vona, at Stortinget sist haust ville setja av 50 millionar kroner som ein del av overgangsordninga for store fylkesveganlegg. Fylkestinget hadde sett det opp som føresetnad då Jondalstunnelen i fjor sommar vart plassert øvst på lista over fylkesvegprosjekt.

Ingen pengar kom, og no er fylket i villreie. Eit veganlegg til rundt 300 millionar kroner er ingen spøk for eit magert fylkesbudsjett.

John Skogseth nyttar høvet til å senda ei helsing til Kristeleg Folkeparti.

— KrF var positiv til overgangsordninga for store fylkesveganlegg, men valde å gå saman med Høgre, som var i mot, seier Skogseth.

Kanskje i 2006

Men med todelinga av vegnettet som er på gang, vil Jondalstunnelen truleg koma på lista over riksveganlegg frå 2004.

— Kanskje kan Jondalstunnelen prioriterast som riksveganlegg med rulleringa av Nasjonal Transportplan i 2005. Då kan det løyvast pengar til anlegget frå 2006, seier fylkespolitikar Arne Jacobsen, Ap, som óg hadde tatt turen til Odda i går.

VIL TIL BERGEN: Oddingane vil ikkje kasta bort tida på omvegar når dei skal til Bergen. Difor samla dei seg i kinosalen for å starta folkeaksjonen for Jondalstunnelen. FOTO: ARVID AGA