Mange hundre menneske møtte fram for å fylgja Marit Elisabet Tuft (45) og Jon Jelmert (60) til grava ved Strandvik kyrkje.

To kister

Politiet måtte dirigera trafikken i det vesle bygdesenteret i Strandvik, der kring 400 menneske bur.

Kondolanseprotokollen låg i sola på eit lite bord utanfor den kvitmåla trekyrkja i Strandvik.

Kyrkja var full.

Det var lang kø for å koma inn. Dei to kistene stod side ved side framme i kyrkja, dekte med kvite og raude roser.

Mista foreldra

Paret mista livet i trafikkulykken søndag 27. januar.

I baksetet satt deira tre born, ei jente på 16 år og to gutar på 11 og 14 år.

Til dei tre borna sa presten at dei har eit stort familiefellesskap som sørgjer med dei og kjem til å følgja dei vidare i livet.

— Det tek ikkje sorga og saknet frå dykk, men det gjev dykk tryggleik, sa presten.

Han formidla også ein takk frå familien til alle som har støtta opp i den vanskelege tida etter ulukka.

- De to var eldsjelene våre

Ekteparet møtte kvarandre i musikkmiljøet i Bondeungdomslaget i Bergen og gifta seg i 1994.

Presten la i talen vekt på det store engasjementet til Tuft og Jelmert. Jon Jelmert la ned ein stor innsats i folkemusikkmiljøet, både som samlar av gamle slåttar og som lærar for ein ny generasjon felespelarar.

Han var forballtrenar i Strandvik og leiar i FAU, medan Tuft var volleyballtrenar.

Då familien på fem flytta til Strandvik, bygde dei hus på tunet på heimegarden hennar. Dei vart eit stort aktivum for den vesle bygda.

Representantar frå Strandvik oppvekstsenter, Fusa ungdomsskule og Fusa vidaregåande skule sende og ei siste helsing til ekteparet.

— Det heilt meiningslause har skjedd. Marit og Jon er vekke, sa rektor Heidi Baldersheim ved oppvekstsenteret i bygda.

— De to var eldsjelene våre. De gav så mykje av dykk sjølve. De var så varme og rause og ville det beste for ungane. Ikkje berre for dykkar eigne, men også andre sine born. De var alltid klare til å bidra, alltid klar for dugnad. De utfylte kvarandre og var to menneske som henta fram det beste i andre.

- Ein lærar som såg alle

Etter kransenedlegging og minneord var det innslag ved Osterøy Spel- og Dansarlag der Jon Jelmert var svært aktiv.

Jelmert var lærar ved fleire vidaregåande skular i Hordaland. Sidan 2001 jobba han som lærar i matte og naturfag ved Os vidaregåande skule.

-Jon var ein lærar som såg alle, som brydde seg om alle. Han var den typen som vart glad i elevane sine. Han sa aldri eit negativt ord om ein einaste elev, sa rektor Bjørn Birknes i sitt minneord.

Marit Elisabet Tuft var utdanna statsmeteorolog i Bergen, men var iferd med å vidareutdanna seg til lærar. Det siste året var ho tilknytt Fusa Vidaregåande skule.

— Marit Elisabet var ein samvitsfull, god lærar med stor omsorg både for elevar og kollegaer. Ho var ein tvers gjennom snill person, sa rektor.

— Det er heilt ufatteleg at ein person, som var så forsiktig i si framferd, skulle gå bort på ein slik måte.

TUNG STUND: Borna følgde foreldra sine til grava ved Strandvik kyrkje tysdag.
Odd Nerbø
FUSA: Gravfølget på vei inn i kirken
odd nerbø