24.september vil bergingsselskapet løfta «Green Ålesund»s akterskip på land i Høylandsbygd, slik at sjøfartsinspektør Cato Borch kan gjera sine ror— og propellundersøkingar.

Mange ser med spenning fram mot konklusjonane sjøfartsinspektøren kjem med. Bakgrunnen er at det er freista slått sprekker i kapteinen si forklaring i sjøretten om årsaka til at fartøyet fekk framdriftsproblem og grunnstøytte.

«Green Ålesund» havarerte i Bleivik nord for Haugesund 15.desember i fjor med 3200 tonn fisk i lasterommet.

Eide Marine Services har i vår og sommar heva både forskipet og akterskipet frå farvatnet ved Bleivik. Roten fisk er fjerna frå forskipet og blir råstoff for biogasskraft i Danmark.

Heng i stropper

Akterskipet heng i stropper under lekterar i Høylandsbygd på Halsnøy. Administrerande direktør Georg Eide seier at hevinga startar 24.september dersom vêret er lagleg.

— Når sjøfartsinspektøren har gjort sitt, blir også det forsikringsmessige avklart slik at pantet i båten blir sletta og vi overtek som eigar. Deretter vil vi ta stilling til om vraket skal hoggast eller setjast saman til skip att, seier Eide.

Eide Marine Services fekk hevingsoppdraget av staten for 55,3 millionar kroner, men løfte- og oppryddingsaksjonen har kosta Statens forurensningstilsyn (SFT) over 80 millionar kroner.

Dersom det blir påvist aktløyse frå mannskap eller reiarlag i samband med havariet, kan SFT koma til å gå til erstatningssøksmål mot Nomadic Shipping.

Eide Marine Services er også i ferd med å førebu neste, kompliserte vrakberging. I haust eller til våren skal selskapet i gong med å fjerna frakteskipet «Hedlo» som kom ut av kurs og gjekk opp på eit skjer vest av Karmøy for halvtanna år sidan.

SKAL PÅ LAND: «Green Ålesund» knakk i to etter havariet på Sletta. Forskipet blei berga først, og er i sommar tømt for roten fiskelast. Akterskipet heng i stropper under vatn og er klart for landsetjing på Halsnøy.
FOTO: SFT