Det er avisa Kvinnheringen som i dag fortel historia om Kvinnherad-mannen som sist helg la seg inn på Husnestunet etter ein festrangel utan at personalet merka det.

Både mannen sjølv og personalet blei forfjamsa då den ubedde gjesten laurdag morgon kom skjelven inn på sjukeposten og lurte på kvar han var. Då hadde han overnatta ein ukjent stad inne i Husnestunet.

Det er ifølgje Kvinnheringen eit mysterium korleis mannen har forvilla seg til den nye og flotte institusjonen på Husnes. For den fuktige festen han deltok på fredagskvelden var mange mil frå Husnes. Frå festen til mannen sin heim var det berre nokre få kilometer.

— Det er klart at det skal ikkje vera mogeleg for ein sterkt rusa mann å berre spasera rett inn på Husnestunet om natta. Denne gongen var det for så vidt ingen fare, mannen hadde ingen vond vilje med besøket, seier fungerande verksemdsleiar ved Husnestunet, Unn Tone Håvik Eikeland til lokalavisa. Ho seier at rutinane for låsing og inspeksjon no er skjerpa ved institusjonen.