Utbetringa av Olsviktunnelen er forseinka, og blir truleg ikkje ferdig innan 14. desember som planlagt. Arbeidet skal utførast på nattestid.

Ei av årsakene til utsetjinga er at utagerande, frustrerte og rusa bilpassasjerar sjikanerer trafikkdirigentane og arbeidarane i tunnelen. Resultatet er at entreprenøren ikkje kan arbeide i tunnelen natt til laurdagar.

Ufin behandling

— Vi er blitt nødt til å gå vekk frå å utføre arbeid natt til laurdag, seier byggjeleiar Torbjørn Hetlevik i Statens vegvesen til avisa Askøyværingen.

— Då får trafikkdirigentane våre mykje kjeft, spesielt av rusa folk i bilane. Dirigentane gjer berre den jobben dei er sett til å gjere, og får mykje ufin behandling.

Hetlevik fortel at det er folk med promille som gjer kreative abligøyer som å opne dørene og skrike mot arbeidarane når dei kjører gjennom tunnelen.

— Det går ut over tryggleiken, både for dei kjørande og for våre arbeidarar. Denne typen oppførsel skulle vi gjerne vore forutan.

Sa opp jobben

Overfor bt.no stadfestar Hetlevik dette, og seier at nokre av arbeidarane har opplevd situasjonen som svært ubehageleg og direkte trugande. Nokre har oppfatta reaksjonane frå bilane som drapstrugsmål.

— Det er snakk om folk som har ropt trugsmål ala «eg skal kaste deg på sjøen» og liknande til arbeidarar og trafikkdirigentar, seier Hetlevik.

— Ei dame som var trafikkvakt i tunnelen sa opp jobben fordi ho ikkje orka meir. Då hadde ho berre jobba der eit par veker.

Utelivsnatt i Bergen

Arbeidet i tunnelen skal ifølgje kontrakta skje mellom klokka 22 om kvelden til klokka 05.30 påfølgjande morgon, også natt til laurdagar. I dette tidsrommet blir trafikken sleppt gjennom i kolonner, og det kan bli ein del venting.

Dette har gått brukbart i vekedagane. Men når helga kjem og folk er på veg heim til Askøy frå ei utelivsnatt i Bergen, renn begeret over for ein del passasjerar. Dette gjer at arbeidet den siste dagen i veka er innstilt, og arbeidet blir ekstra forseinka tidsmessig.

Arbeidet i Olsviktunnelen starta i slutten av september, og skal altså etter planen vere ferdig 14. desember.

Ikkje i rute

Men overfor Askøyværingen er byggjeleiaren i Statens Vegvesen pessimist.

— I beste fall er vi ferdige då. Men vi er ikkje i rute med arbeidet. Det er mykje trafikk om kveldane, og det tek lang tid å avvikle kolonnekjøringa. Særleg er trykket stort mellom klokka 22 og 01 om natta.

Arbeidet består i å skifte ut tunnellysa og opprette to nye naudstasjonar. Mellom klokka 22 og 01 går det bilkolonner kvar halve time gjennom tunnelen, og kvar heile time mellom 01 og 05.

Er folk i trafikken for hissige? Sei meininga di.

FRUSTRERTE: Fredagskveldane renn det over for mange passasjerar i bilane som må vente på å få kjøre Olsviktunnelen.
ANNE JO LEXANDER, ASKØYVÆRINGEN