• Me kjenner ikkje til at det går føre seg aldersdiskriminering i bergensskulane.

Det seier Anne Marit Presterud, kommunaldirektør i byrådsavdeling for oppvekst i Bergen. Ho meiner det at rektorane på skulane har mynde over kven som får jobb fungerer bra.

— Me har full tiltru til at rektorane vurderer rett, seier Presterud. Kommunaldirektøren meiner det viktigaste i tilsetjingsprosessen må vera skulen sitt behov.

Tilsetjingane må gå på den kompetansen skulane treng, og det er det rektorane som veit best, seier ho.