**Les også:

Vestlands-politikare seier ja til all kraftutbygging**

«Ferdsel under fossen på eige ansvar», opplyser skiltet. Tvinna skal vere einaste fossen i Nord-Europa der ein ferdselsveg går bak fallet. Og det er ikkje utan grunn at åtvaringa er sett opp. Soga veit å fortelje at fram gjennom historia har to menn falle utfor og slege seg i hel.

— Dette fossefallet er unikt, seier Eivind Skjerven, tidlegare leiar i Sogn og Fjordane Turlag.

Fosseduren

Vi står ved utsynsplattforma i enden av ein skogsveg i Randabygda. Eit kvarter gange frå skulen i den brattlendte bygda på nordsida av Nordfjorden, kastar ein særmerkt foss seg utfor stupbratte berget mot fjorden langt under oss. No i snøsmeltinga er vassføringa stor, fosseduren gjer det uråd å føre ein normal samtale.

— Eg forstår ikkje at vi som samfunn ikkje skal klare å ta vare på slikt som dette, seier Skjerven.

Fylkesutvalet har sagt ja, sjølv om fylkesrådmannen uvanleg nok rådde frå. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane meiner ei utbygging vil vere i stor konflikt med allmenne interesser og går sterkt mot. Det same gjer verneorganisasjonane.

Inntekt til garden

Selskapet Småkraft som skal byggje ut elva, kalkulerer med eit årleg utbyte på 1,8 millionar kroner frå Tvinna kraftverk. Av dette vil halvparten tilfalle dei åtte gardsbruka som eig fallrettane.

— For mitt bruk utgjer dette ein tilvekst på kring halvparten av inntekta eg i dag får frå garden. For oss fallrettseigarane er dette viktige inntekter. Gardane i bygda er små og tungdrivne, og for slike bruk er ikkje framtidsutsiktene dei lysaste, seier Jakob Hammer.

Han er ein av dei åtte grunneigarane i Randabygda som samarbeider med Småkraft om utbygginga. Bøndene leiger vekk fallrettane til utbyggingsselskapet, og vil få utbyte etter kor mange fallmeter dei eig. Etter 40 år kan dei kjøpe kraftverket tilbake.

— Vi gjer dette for å ta i bruk ressursgrunnlaget vi har, seier Hammer som no ventar spent på synfaringa 17. juni. Då kjem NVE, og han reknar med at representantar frå andre styremakter og verneorganisasjonar kjem til å vere til stades. For Hammer veit at det vil bli strid om utbygginga.

Ikkje vit i slikt

— Vi meiner vi har lagt opp til ei utbygging som tek vare på naturen, seier Hammer. Han viser til heile utbygginga blir skjult i fjellet, og at det er lagt opp til minstevassføring større enn vassføringa som vanlegvis er om sommaren:

— Tvinna er ei flaumelv. Utbygginga vil ikkje vise når vassføringa er stor.

Sogn og Fjordane Turlag er mellom dei som no går i striden for å ta vare på fossefallet:

— Slike fossar skal og må ein ikkje byggje ut! Det finst ikkje vit i slikt, skriv dei i si fråsegn.

Turlaget meiner den spesielle fossen har potensial i seg til å bli ein stor turistattraksjon.

— Det er slikt som dette som skapar naturopplevingane våre, ropar Skjerven i det han går inn bak det tornande fossefallet. Eit rekkverk med kjettingar er sett opp for at folk skal kunne halde seg i. På styggaste plassen er det lagt ein tømmerstokk for at dei som vågar turen kan trø på.

Veg for folk og fe

Når vassføringa er liten, som midtsommars, er det råd å gå tørrskodd bak fallet. No, i snøsmeltinga, slår vatnet tilbake frå kampesteinane fossekrafta har malt laust frå berget over. Steinane er våte og glatte, og under hammaren er det som å gå gjennom ein vasspreiar, over på andre sida er vi dyande våte.

I gamle dagar gjekk folk og dyr vegen bak fossen og vidare nedover til fjorden. I den bratte solvende lia dyrka dei frukt og plukka nøter. Her fann dei materiale til tønneband i hasseltrea og tauverk i varmekjære lindeskog. Og dyra fann gode beite.

— Eg har vore her mange gonger før, men aldri opplevd fossen så mektig, seier Eivind Skjerven. - Dette var sterkt, det er slike opplevingar som knyter oss til naturen.

FOSSEKAMP: Naturvernar Eivind Skjerven forstår grunneigarane som vil nytte seg av ressursane. - Spørsmålet eg stiller er om ikkje samfunnet må gje kompensasjon til grunneigarane i dei sakene der det blir vern.