Har du bil med sommardekk er det lurt å bruke kvelden på å skifte, om du skal kome deg nokon veg i morgon tidleg:

Vêrvarslinga for Vestlandet melder om at regnbyer i kveld vil gå over til snøbyer rundt midnatt, også for kyststroka. Temperaturen vil òg krype nedover i løpet av natta, ned mot null i morgon tidleg.

I indre strok og over 300-400 meter vil det snø i heile kveld og natt, men det vil ikkje kome store mengder nedbør, seier statsmeteorolog Alfred Slogvik.

— Vinden legg seg så veldig på nord, så det blir lite nedbør frå midnatt og utover, seier Slogvik.

— Det blir liten og full storm på kysten seint i kveld og i natt. Det vil minke i morgon førmiddag til stiv kuling, seinare liten kuling, seier Slogvik.