Politiet tok det frå henne då ho med 0,76 promille alkohol i blodet assisterte kjærasten sin med å køyra moped på Leirvik i februar i år.

Jenta sat fremst på setet og styrte girpedal og bakbremse, kjærasten sat bak og manøvrerte resten. Sunnhordland forhøyrsrett meiner det er god grunn til å mistenkja jenta for promillekøyring, og vil ikkje gi henne mopedførarbeviset tilbake.