— Dette er så meiningslaust, sukkar avdelingssjef ved Kirurgisk avdeling ved FSS, Nils Sletteskog.

— Vi som jobbar her har sett at operasjonane har hatt fantastisk effekt for pasientane. Behovet er stort, men skal vi drive ansvarleg, har vi ikkje anna val enn å trekkje tilbake behandlingstilbodet.

Når Sletteskog og kollegaen Villy Våge i dag utfører sin 26. fedmeoperasjon ved FSS, er det også den siste. Årsaka er at sjukehuset ikkje får fullfinansiert kostnadene ved operasjonane.

Staten refunderer berre 30.000 kroner per pasient. Når kvar operasjon har ein prislapp på 90.000 kroner, går ikkje reknestykket opp.

«Fem års ventetid»

FSS er einaste norske sjukehus som utfører slike operasjonar i dag. Pågangen har vore enorm, og ventelistene lange sidan februar i fjor.

— Skulle vi tatt imot alle, hadde vi hatt ventetid på fem år. Minst eitt sjukehus i kvar region bør utføre desse operasjonane, meiner Sletteskog.

— Som for kreftpasientar, blir både livskvalitet og leveutsikter drastisk redusert for dei med sjukleg overvekt. Ingen ville føreslå å trekkje tilbake eit behandlingstilbod til kreftpasientar, men når det gjeld fedme er fordommane mange, og går langt inn i helsevesenet.

Pasientane i Førde veg dobbelt så mykje som si normale kroppsvekt - og meir. «Kan dei ikkje berre slanke seg», tenkjer folk flest. Det kan dei ikkje. Energiforbruket er svært lågt, og sjølv om dei nesten sluttar å ete, vil vektreduksjonen vere minimal.

Skytteltrafikk

— Operasjonane får overvektige ut i arbeid igjen, og mange av helseplagene forsvinn. Samfunnsøkonomisk er det ikkje tvil om at dette slår svært positivt ut, seier Sletteskog.

Det har vore mykje fram og tilbake om finansiering av fedmeoperasjonane. Inntil det kjem ei avgjerd frå sentralt hald, er det operasjonsstopp ved FSS.

— No ligg ballen i Helsedepartementet, seier Sletteskog.