Avgjerda om å innstille alle returar av personar til Jemen vart kunngjort i går av Utlendingsnemnda (UNE). Også utreiseplikta for utviste jemenittar er oppheva. Årsaka er den harde krigføringa i landet dei siste vekene, som har kosta mange hundre menneskeliv.

«Den siste tidens eskalering av konflikten i Jemen, herunder økte kamphandlinger, sivile tap og antallet berørte provinser, har medført en forverring av den generelle sikkerhetssituasjonen i landet», skriv UNE i ei pressemelding.

— Eg har venta på dette, og har lurt på kvifor UNE ikkje har tatt denne avgjerda for lenge sidan, seier advokatfullmektig Vera Vikki, som representerer Yusuf-familien.

Var daglege kampar

Vikki skreiv i går eit brev til UNE, der ho på ny krev at norske styresmakter snur og lar Afrah Yusuf få lovleg opphald i Noreg, saman med dei fire barna sine. Eldstejenta Shaimaa (11) budde sju år i Noreg, før ho og familien vart tvangsreturnerte til Jemen i november i fjor. Dei hadde då fått avslag på asylsøknaden i to omgangar. Allereie på det tidspunktet var konflikten i Jemen i ferd med å spisse seg kraftig til, også i hovudstaden Sana.

Flyplassen der familien vart avlevert av norske politifolk var kontrollert av opprørarar, og det var dagleg skyting og kamphandlingar i byen.

- Braut menneskerettane

Advokatfullmektig Vikki meiner UNE og norsk politi braut Yusuf-familiens menneskerettar ved å returnere dei til ein slik situasjon. Ho viser i brevet til ein fersk rapport frå FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR). I rapporten heiter det at september 2014 var eit vendepunkt, då milits frå Houthi-opprørarane tok over kontrollen over hovudstaden.

— Dette vendepunktet kom altså mange veker før Yusuf-familien vart returnert i november. Og forverringa vi har sett i Jemen sidan den gong har vore føreseieleg, seier Vikki. Alt dette tilseier at UNE må gjere om avgjerda dei tok å om sende familien ut, meiner ho.

— Når ein uttransport skal skje, kan ikkje UNE berre vurdere situasjonen der og da. Dei må også sjå på korleis det vil vere å leve i det aktuelle landet i tida som kjem. Dersom situasjonen er ustabil og uføreseieleg, skal folk ikkje returnerast. Men det var det som skjedde her, og det var feil, seier Vikki.

74 døde barn siste veka

Yusuf-familien er den siste barnefamilien som er returnert til Jemen frå Noreg. I påska måtte dei rømme frå huset dei budde i i Sana, fordi det vart sterkt skadd av bombing.

Ein militær koalisjon leia av Saudi-Arabia gjennomfører luftangrep mot Houthi-militsane, i eit forsøk på å hjelpe president Abd-Rabbu Mansour Hadi med å gjenvinne kontrollen. President Hadi har sjølv rømt til Saudi-Arabia.

FN melder at minst 74 barn er drepne berre den siste veka. Totalt skal ca. 600 ha mista livet.

Vil ikkje vente på nye asylbarnreglar

Fordi Shaimaa budde sju år i Noreg før familien vart sendt ut, har ho og familien krav på å få prøvd saka si på nytt, etter asylbarnavtalen som regjeringa inngjekk med KrF og Venstre etter påske. Men denne regelendringa vil tidlegast kome på plass til sommaren. Advokatfullmektig Vikkis krav om omgjering er ikkje knytt til asylbarnavtalen.

— Det er ikkje lov å returnere folk til ein situasjon der det er fare for liv og tryggleik. Det gjeld både vaksne og barn. At barn er involvert her, gjer saka sjølvsagt ekstra alvorleg. For Yusuf-familien hastar det. Dei kan ikkje vente på å få prøvd saka si etter det nye regelverket som skal utformast. Dei må få kome attende til Noreg nå, seier Vikki.