— Ja, då blir det vanskeleg. Om det ikkje kjem noko alternativ, blir vi avhengige av private som kan skysse oss, seier Eva Austad Klausen og Dagfinn Klausen. Ekteparet har stengt fritidsbustaden på Utvær for vinteren. Litt til og frå har det vore, men stort sett har dei budd på Utvær i over sju månader. No går turen tilbake til «vinteropplag» i Bergen, før sommarsesongen tek til att i mars.

Tysdag var Oddgeir Eide på Utvær for siste gong med båtruta han har drive i 25 år. Også i morgon skal han gå, men då er det ikkje bestilt tur til det vestlegaste fyret i landet. 58-åringen har gitt beskjed om at nok er nok som skyssførar på ein av dei mest vêrharde strekningar i landet. Måndag tek han til som mannskap på ferja mellom Daløy og Haldorsneset over Ytre Steinsund.

Litt av eit sakn

— Det vil bli litt av eit sakn om ruta blir vekke, seier Jan-Henrik Haveland, fastbuande på Notøy.

Framleis er det eit dusin fastbuande på øyane vest om Ytre Sula i Solund kommune. Flest på Notøy, der det til og med har vore tilflytting siste åra. På Indrevær er det framleis to fastbuande, medan berre ein person bur att på Utvær etter at fyret blei automatisert.

For øyfolket er båtruta livsnerven. Med den kjem dei seg til Kolgrov, og vidare derifrå med annan offentleg kommunikasjon. Med skyssbåten kjem heimehjelpene frå Solund kommune trygt ut til dei eldre på øyane. Og når høver seg slik tek Oddgeir Eide med varer til fastbuande og ferierande.

— Det har vore mykje spørsmål om kva som skal skje. Både dei fastbuande og dei mange som brukar husa på øyane som fritidsbustader, er opptekne av det, seier Eide.

Jan-Henrik Haveland seier båtruta har vore godet dei har fått att frå storsamfunnet for skattepengane:

— Det har vore ei rute vi har kunna lite på. Vi som bur her har eigne båtar som vi normalt kan greie oss med. Men for alle dei som kjem hit i helgar og feriar, blir det vanskeleg.

Styggaste stykket

Bårene går med kvite toppar på Straumsfjorden vest om Ytre Sula. Her er det opne havstykke både nord, sør og delvis også vestover. Når straumen går ein retning og vinden står på frå ein annan, er det grapse her. Det gjer det ofte.

— Straumsfjorden er verste stykket. Her kan vere stygt, seier Eide.

I 25 år har Eide manøvrert den 37 fot store båten «Marlin» trygt gjennom sjøane. Ikkje ein gong har det blitt skade på han sjølv eller passasjerar. Men han legg ikkje skjul på at det har vore meir enn ein gong han ikkje har likt seg.

— Alt det som ligg og driv, er det som har uroa meg mest. På dagtid ser du alt som rek i sjøen. Det er klart du tenkjer på det i mørkret.

Største trafikken

Om vinteren har ruta gått tre gonger veka siste åra. I sommarmånadene er frekvensen ein heilt annan. Då har Eide losna fortøyingane på «Marlin» kvar einaste dag, og fem av vekedagane har ruta gått både morgon og kveld.

— Trafikken vintermånadene gjekk veldig ned då Kystverket avbemanna fyret. Det er likevel alltid vore i sommarmånadene vi har den store trafikken. Eg har hatt enkeltmånader med 400 reisande, fortel Eide.

Årsaka er dei mange bustadene på øyane vest i havet som fungerer som fritidsbustader. Om somrane er det eit yrande liv av feriegjester.

I år drog dei to siste tysdag. Når ekteparet Klausen kjem tilbake i mars, veit dei ikkje om det er offentleg skyss å få.

— Det blir jo veldig dyrt då, om vi skal leige private til å skysse oss. Ikkje minst om vi snakkar om helgeturar.

fakta

  • Båtruta frå Kolgrov til Utvær er den vestlegaste i landet. Om vi ser bort frå Jan Mayen, er Holmebåen ved Utvær vestlegaste punktet i Norge.
  • Oddgeir Eide har gått ruta i 25 år. No har han sagt opp, og går siste turen fredag. Ingen andre er på plass til å ta over.
  • Det er framleis fast busetnad på fleire av øyane vest om Ytre Sula. Om somrane gjer feriegjester at folketalet blir mangedobla.
MØNSTRAR AV: Oddgeir Eide fortøyer «Marlin» til kai på Kolgrov. Måndag mønstrar han på ferja mellom Daløy og Haldorsneset. FOTO: ØYSTEIN TORHEIM