Det er nemleg full sprik om kven som skal ha førsteplassen på lista ved fylkestingsvalet neste haust. Kommunepartia er delte omtrent på midten.

Splitta sogningar

Dei to som kjempar om topplassen har dei siste åra stått fram mellom dei mest markerte politikarane i fylket.

Knut O. Aarethun var fylkesordførar frå 1995 til 1999. Den siste perioden har han vore gruppeleiar for partiet i fylkestinget og leiar av Kommunenes Sentralforbund i fylket. Tor Bremer er leiar av fylkespartiet. Så seint som i fjor haust tapte Bremer kampen om ein av dei fremste plassane på stortingsvallista.

Det mest spesielle med striden er at to sogningar står mot kvarandre. I Sogn og Fjordane Ap har indresogningane stort sett brukt å stå samla, og dermed hatt makta. Men no er det ein lærdøl og ein lutring som kjempar. Eitt utslag er at dei to klart største kommunepartia held på kvar sin kandidat. Største laget, Årdal Ap, vil ha Aarethun. Nest største kommunepartiet, Luster, satsar på sin eigen Tor Bremer.

Endeleg framlegg

Nominasjonsnemnda i partiet innstilte i sitt første framlegg Tor Bremer på førsteplassen. I går gjekk fristen ut for kommunelaga for å komme med tilbakemeldingar. Men berre kring halvparten av svara hadde komme inn.

Då leiaren av nominasjonsnemnda, Oddbjørn Einan, hadde oppteljing i går ettermiddag, kunne han konstatere at Bremer så langt har fått tilslutnad frå sju kommuneparti, Aarethun frå fem. To kommunelag har dessutan plassert Hyllestad-ordførar Harry Mowatt på topp.

Stå løpet ut

Nemndleiar Einan er svært varsam i kommentarane.

— Eg ønskjer ikkje å spekulere i om dette endar med kampvotering på nominasjonsmøtet. Nemnda samlar seg til avsluttande møte søndag. Då skal vi setje opp det endelege listeframlegget som nominasjonsmøtet skal ta stilling til.

— Kan det bli aktuelt å be den eine trekkje seg?

— Det får nemnda vurdere søndag. Vårt ansvar er komme fram til ei så god liste som råd.

Knut O. Aarethun har gitt beskjed om at berre førsteplassen er godt nok for hans del. Samstundes har han gitt beskjed om at han er innstilt på å stå løpet heilt ut.