Natt til laurdag 2. juli klokka 03.45 vert ein kar stogga på Bømoen på Voss.

Det er under Ekstremsportveka.

Bergensaren held på med sin eigen form for ekstremsport. Inne på festivalområdet køyrer han bil med ein promille på 2,63. Med over 2,0 i promille, har ein null kontroll og store problem med å føta seg. Sjå faktaboks til høgre.

15. desember vart han dømd Bergen tingrett.

Retten finn det skjerpande at han fyllekøyrde inne på festivalområdet og at han hadde passasjer i bilen.

I retten innrømte den 27 år gamle sjukepleiaren alt.

Bergen tingrett dømde han til 30 dagar i fengsel og ei bot på 45.000 kroner. Han vart fråteke førarkortet i to år og må ta full førarprøve på nytt.

Mannen godtok dommen på staden.