— Når vi godkjenner butikkskilt ser vi på skiltet i forhold til storleiken på bygget og fasaden, opplyser teknisk sjef i Førde kommune, Bernhard Øberg.

Den praksisen aksepterer ikkje Biltema. No går dei til rettssak.

— Vi finn oss ikkje i ei slik forskjellsbehandling, seier styreleiar Magne Teigland. I går jobba toppleiinga i Biltema-konsernet med stemninga mot Førde kommune.

Stort

Det handlar om skiltinga på Kronborg, Førdes nye butikkområde rett utanfor sentrum. Mellom enorme parkeringsplassar på kvar side av vegen har Sparkjøp, Plantasjen, Biltema og Coop ført opp nokre av sine største butikkar.

I sommar opna Biltema sin tredje største butikk i landet her. Kjeda fekk godkjent arkitektteikningar med skilt i same dimensjon som dei som heng på butikken i dag. Skilta skulle vere i same blåtone som går att som ein av hovudfargane på bygget. Men då dei skulle opp, sette kommunen foten ned. Skilta, som begge er 1,20 meter høge og 10,70 meter breie, var for store og prangande i forhold til bygget. Sjølv om kommunen sa nei, monterte Biltema likevel skilta.

Større

På andre sida av vegen ligg Coop sitt gedigne nybygg, opna med motorsag sist torsdag av fylkesordførar Nils R. Sandal. Med ei flate på 7800 kvadratmeter, er bygget den største enkeltståande butikken i fylket. Men det er ikkje berre bygget som er stort. På veggene reklamerer store skilt om innhaldet i bygget. Det største, der «coop extra» står skrive i gult på raud bakgrunn, er i følgje butikkleiinga 1,80 meter høgt og 11,30 breitt.

Men i motsetnad til Biltema-skiltet, syns skiltpolitiet i Førde at dette er OK.

— Etter vårt skjønn er Coop-skiltet i samsvar med skiltvedtektene. Biltema sitt er det ikkje, seier Bernhard Øberg.

— Men er ikkje Biltema sitt skilt både mindre, og mindre prangande, enn det som heng på hi sida av vegen?

— Coop sitt er større. Men når vi godkjenner skilt, ser vi det i forhold til volumet på bygget og fasaden.

Enno større

— Mange vil kanskje syns det er underleg at det eine er godkjent og det andre ikkje?

— Det er ikkje noko tema. Coop-skiltet er godkjent, Biltema-skiltet ikkje. Det held vi oss til. Det er jo også snakk om ein dialog. Vi har vore i dialog med den eine, ikkje den andre, seier Øberg.

I Førde har kommunen hatt ein praksis der skjønn er ein viktig del av skiltpolitikken. Saka om Biltema-skiltet blei avgjort i planutvalet. Der sit dei same politikarane som i formannskapet, og dei avgjorde at skilta var ulovlege. Biltema klaga, men seinare har Fylkesmannen gitt kommunen medhald.

Medan Coop i utgangspunktet ville ha enno større skilt enn det dei har fått godkjent, har dei gått med på å ta ned storleiken. Førde kommune opplevde det som ein provokasjon då Biltema, trass i at kommunen hadde gitt melding om at dei meinte skilta var for store, likevel hengde dei opp.

Etter at Fylkesmannen har gitt kommunen medhald, vil kommunen i følgje teknisk sjef Øberg snart kome med eit pålegg om å fjerne skilta, dersom Biltema ikkje sjølv rettar seg etter vedtaket og erstattar skilta med to som er mindre.

SKILTRETTSSAK: I Førde går det mot rettssak om butikkskilting. Biltema aksepterer ikkje at dei får avslag på sitt skilt, medan Coop har fått grønt lys for sitt raude og gule.
oddleiv apneseth
FØRDES ÅSANE: Mellom enorme parkeringsplassar på Kronborg ligg det nyehandelstyngdepunktet i Sogn og Fjordane. På få månader har nokre av deistørste kjedene i landet opna store forretningar på området.
oddleiv apneseth