Eit møte i fylkesutvalet no i dag gjorde det klart at det vil kome fire framlegg når saka kjem opp i fylkestinget seinare i dag. Men ingen av dei har i utgangspunktet fleirtal. Og ingen av partia er villige til å røyste subsidiært.

Dei fire framlegga spenner frå eit som i praksis støttar Helse Førdes modell med sentralsjukehus i Førde og lokalmedisinske sentra i Eid og Lærdal, til å oppretthalde dagens situasjon med sentralsjukehus og lokalsjukehus.

Det sistnemnde er det som ligg nærast an til å få fleirtal. Høgre, KrF, Frp og Venstre støttar dette framlegget som vil få minst 15 røyster, fem unna fleirtal.

Saka splittar dei fleste partia, og Ap har gått til det uvanlege steget å stille gruppa fritt.