I 03.00-tida natt til søndag køyrde ein bil av vegen i området Skulestadmoen. Ulukka hendte omtrent samstundes som politiet kom køyrande.

– Me såg bilen trille tilbake på eit jorde, ut steig to russ som såg ut til å vere påverka, seier politibetjent Henning Hegbom ved Voss lensmannskontor.

Dei to unge gutane køyrde ein sivil bil som fekk materielle skadar.

Dei to vart tekne med til blodprøve. Den eine fekk førarkortet beslaglagt.