Austevoll får utbetalt stønad for samtlege psykisk utviklingshemma. Den sigeren er verdt 1,3 millionar for den vesle kommunen.

— Det med champagnen var berre noko vi feika for lokalavisa Marsteinen. Men det skal bli ein god cognac ein av dagane. Denne saka har vore tøff å leve med, sier Njåstad til Bergens Tidende.

Først ville Kommunaldepartementet gje Austevoll 3,3 millionar i straff fordi kommunen klussa med innrapporteringa av talet på psykisk utviklingshemma. Det var halvparten av beløpet kommunen skulle hatt.

Så klaga Austevoll og fekk redusert straffen. Då blanda fleirtalet i Stortingets kommunalkomite seg inn og krevde full tilbakebetaling. Det ga uttelling.

— Kva har ein ung ordførar lært av denne historia?

— Eg har i alle fall lært aldri å gje meg. Så har eg erfart at det er eit ekstremt firkanta system dei held seg med på andre sida av langfjella. Og at eg heretter må sjå nøye på kven som skriv under på alle papir, seier Helge Andre Njåstad.