• Reine signingsferda, seier Askøy-ordførar Knut Hanselmann. Alle han har spurt har sagt ja til å vera med på Tverrsambandet.

— No manglar berre Statoil, seier Knut Hanselmann til bt.no.

Tysdag føremiddag orienterte han formannskapet i Askøy om resultatet av turneen han har gjort i Nordhordland, i Bergen og i kommunane vestafor.

— Alle eg har spurt har sagt ja til vera med i selskapet som har til føremål å byggja Tverrsambandet. Kommunane i Nordhordland er med. Bergen og. Øygarden og Fjell, ja endå til Sund.

— Og Trond Mohn sa ja rett over bordet. Også BKK er med. Eg lokka dei med grøft til kabelen langs vegen frå Radøy over Meland til Askøy, men det hadde dei ikkje tid til å venta på. Høgspentsambandet frå Mongstad til Øygarden må vera ferdig i 2012, sa dei.

Les også: Monica går for Tverrsambandet

Berre Statoil att-

— No står berre Statoil att, seier ein nøgd Knut Hanselmann, som legg til at arbeidet med Tverrsambandet så langt har vore både interessant og gjevande.

Neste etappe i saka er kommunestyremøtet i Askøy tidleg i mai. Til då skal rådmannen i Askøy utarbeida forslag til statuttar for vegselskapet.

Opphavleg tenkte dei seg eitt selskap for både Tverrsambandet og utbygging av det til dels dårlege vegnettet på Askøy.

— Men fleire har sagt at dei helst ser eitt selskap berre for Tverrsambandet, som går på tvers av kommunar og regionar. Så får Askøy ordna opp sjølv med sine eigne vegar, og det har eg forståing for, seier Knut Hanselmann.

Forprosjekt – Når kommunestyret har vedteke skipinga av vegselskapet for Tverrsambandet, går det ut formell innbyding til dei som har sagt ja til å vera med. Kvar av dei skyt inn 100.000 kroner i aksjekapital.Fyrste oppgåva for det nyskipa selskapet vert å få utarbeidd eit forprosjekt for det nye vegsambandet mellom Nordhordland, Askøy og Øygarden.

Se større grafikk her!

Kva synest du om Tverrprosjektet? Sei di mening her!