— No blir det lys i mange endar, proklamerte Ullensvangordføraren, før ho gaula «varsku her! fyr her!» og trykte på knappen som fekk fjellet til å buldra.

Både ordføraren og alle andre stod på sikkert hald, ved den underjordiske rundkøyringa under Buplatået.

Som revehi

Tunnelsystema ved Hardangerbrua, tilførslevegane som det heiter offisielt, har no fire utgangar på kvar side av fjorden, tre for bilistar, ein for syklande og gåande, vid nok til bergingsbilar.

Hovudopninga på Busida er likevel ikkje synleg frå fjorden.

— Der har vi sprengt oss gjennom i nedkanten av tunnelen, men mura att holet av omsyn til Veidekke sitt arbeid med å støypa brutårn, opplyser AF-gruppa si prosjektleiar Nils Ola Hoff.

Symmetrisk

Tunnelmunningen på denne sida av fjorden blir om lag 14 meter høg. På Vallaviksida er opninga nesten ti meter høgre. Likevel er det symmetri, fordi viadukten (bru utan vatn under), er lengre på Bu.

Hardangerbrua skal som kjent ha eit hovudspenn på 1310 meter, og korte sidespenn (viaduktar) mellom brutårn og tunnelmunning på kvar side av fjorden. Tunnelmunningane blir utforma slik at ein kan sjå like høgt opp på næraste brutårn, same kva veg ein køyrer.

Komplisert

AF-gruppa er no ferdige med arbeidet som krev tunnelboreriggar, og sender både folk og utstyr til oppdrag andre stader. Men dei skal arbeida vidare med sprenging og vegbygging ved Hardangerbrua til opninga i 2013.

— Dette tunnelsystemet er lett å teikna, men svært krevjande å byggja, sa Hardangerbrubasen i Statens vegvesen, Øyvind Søvik, då han gratulerte med vel utført arbeid.

Søvik la særleg vekt på innsatsen på alle nivå i arbeidet med store fjellrom og rundkøyringar inne i fjellet.