Det er Hardanger Folkeblad som i dag fortel om 20-åringen frå Røldal i Odda kommune, som var på ein grillfest i fjor sommar.

Etter seks liter med øl og litt tyrkisk pepper, fant karen ut at han skulle køyra bil.

Han var nok rimeleg sinna på seg sjølv, då han slo i frontruta så den sprakk og spente til støytfangaren så stortåa knakk.

Av køyringa hugsar han ingenting, men Hardanger tingrett har dømt han til 30 dagar fengsel og 15.000 kroner i bot.

Blodprøven skal ha synt over to promille alkohol i blodet, melder Hardanger Folkeblad.