Det var laurdag kveld i nitida at mannen i femtiåra ringde AMK-sentralen og fortalde at båten hans stod på ei grunne ved Skånevik i Åkrafjorden.

Like etterpå melde han frå om at båten hadde kome seg av skjæret.

— Kystvaktskipet Garsøy var i området og søkte med ein lettbåt. Dei fann båten og føraren, som var påverka, fortel operasjonsleiar Agnar Austerheim ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Då bar det rett til kai med kapteinen, og der venta politiet med promillekontroll.

— Den første målinga viste at oddingen hadde to i promille, seier Austerheim.

Oddingen måtte deretter til Etne for blodprøvetaking og kan truleg venta seg eit oppgjer for båtfylla.