Allereie i åttetida i kveld fekk drukkenskapsarresten i Sogndal sin første bebuar for natta. Ein full mann på ferjetur i indre Sogn måtte hentast av politiet etter han skapte seg galen.

Mannen fekk seg fleire turar fram og tilbake over fjorden mellom Mannheller og Fodnes før politiet fekk han med seg til Sogndal, melder operasjonsleiar Leif Bull i Sogn og Fjordane.