— WTO har gitt Noreg medhald på dei vesentlege punkta som Noreg tok opp, seier Støre. Men EU-kommisjonen er ueinig.

— Det er utan rot i røyndommen å gjere krav på ein siger i denne saka, seier ei talskvinne for EU-kommisjonen til NTB.

Noreg klaga i fjor EU inn for Verdas handelsorganisasjon (WTO) etter at EU innførte minstepris på norsk laks i fem år framover.

- Vent med feiringa

WTO-panelet som har handsama klagen har sendt eit utkast til avgjerd til partane, og det er denne førebelse avgjerda Støre i går sa gjekk i norsk favør.

Talskvinna meiner likevel at WTO-panelet berre har gitt Noreg støtte i «ei avgrensa mengd mindre, tekniske spørsmål».

EU-kommisjonen reagerte skarpt på Støre si tolking. Men Støre fekk i går støtte frå statsminister Jens Stoltenberg.

— Rapporten er ennå ikkje offentleg. Men våre fremste ekspertar er samstemde i si vurdering om at Noreg har vunne fram på mange viktige punkt, sa statsministeren til NTB.

Han meiner derfor EU ikkje kan vidareføra tiltaka mot norsk lakseeksport som i dag, sidan dei er i strid med det internasjonale regelverket.

Percy Westerlund, EUs Oslo-ambassadør, seier dei er ganske nøgde i EU-hovudkvarteret i Brussel.

— Det er nok klokt av dei norske lakseeksportørane å vente med feiringa, seier han, og legg til at han ikkje kan gje meir detaljerte kommentarar sidan konklusjonane til WTO-panelet førebels er konfidensielle.

- Må berre vente

Styreleiar i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening, Ole-Eirik Lerøy, seier han kan love at alle lakseeksportørar ventar med feiringa.

— Vi er framleis underlagt eit dumpingregime. Det er det berre EU som kan gjere noko med, seier han.

Lerøy legg til at han og næringa er nøgde med utviklinga i situasjonen.

— Vi har fått med oss at norske myndigheiter har gått ut og sagt dei er glade. Det er vi særs nøgde med. Men vi kjenner ikkje innhaldet.

— Kva trur du kjem til å skje vidare?

— Vi har framleis minstepris og trugslar om straffetoll slik vi har hatt dei siste 18 åra, det er ikkje kome noko i dag som endrar det. EU studerer nok avgjerda no, og vi må berre vente på kva som kjem ut av det, seier Lerøy.