• MELDT UT: Sigmund Grønnevik, Inger Helen Midtgård og Irene Femanger er ikkje lenger medlemmar av Den norske kyrkja. - Det var grufullt trist. Vi gjekk inn i arbeidet med glød og begeistring, men så vart vi møtt med så mykje vondskap. Vi har opplevd ein sekt der du anten er med eller mot, seier Midtgård. FOTO: Tor Høvik

Full krangel splittar kristenfolket

To steile frontar har prega dei 2200 innbyggjarane som soknar til Ostereidet kyrkje i over ti år. Skuldingar om mobbing og sjikane haglar frå begge sider.