Dei borgarlege vil at Eid og Lærdal skal halde fram som no. Det vil ikkje det raudgrøne fleirtalet skrive under på.

Bak ordkløyveriet i mandagens ekstraordinære fylkesting ligg også reelle skilnader. Sjukehusstriden i Sogn og Fjordane deler også fylkespolitikken i to.

— Vi ser eit framtidsbilete som gjer det nødvendig å endre helsevesenet, sa Åshild Kjelsnes (Ap).

Hennar parti fekk saman med Sp og SV fekk fleirtal for ei fråsegn til nasjonal helseplan frå Sogn og Fjordane der det ikkje blir stilt spesifikke krav til innhaldet i lokalsjukehusa. Derimot krev fleirtalet at det gjennom det vidare arbeidet blir avklara kva rolle sentralsjukehus, lokalsjukehus, lokalmedisinske sentra og kommunane skal ha.

Den borgarlege opposisjonen ville ha ei meir konkret fråsegn, der det blei reist krav om at lokalsjukehusa i Eid og Lærdal skal ha akutt— og fødetilbod på minst same nivå som i dag. Det betyr at fødeavdelinga i Eid, den forsterka fødestova i Lærdal og akuttberedskap i ortopedi skal haldast oppe.

— Som fylkespolitikarar burde vi stått på barrikadane for tilbod vi har. Det gjer dei i andre fylke, og får gjennomslag. Men ikkje her, sa Frank Willy Djuvik (Frp).

Dei raudgrøne legg seg nær opptil formuleringane i regjeringserklæringa om at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned. Samstundes balanserer Sp i Sogn og Fjordane på ein knivsegg i forhold til signala frå Liv Signe Navarsete og resten av partileiinga. Og Ap-representantane gjer det same i forhold til vedtak i eige fylkesparti.

Men heller ikkje i det borgarlege mindretalet er det vanskeleg å finne avstand til den sentrale helsepolitikken. Både i Frp og H har helsepolitiske talsmenn teke til orde for at det er nødvendig å gjere noko med strukturen i helsetenesta.

Sist sjukehus stod på sakslista til fylkestinget i Sogn og Fjordane var i vår, då politikarane skulle gje fråsegn til den omstridde strukturplanen til Helse Førde. Den gongen greidde ikkje fylkestinget gjere vedtak.

Kva meiner du om saka? Diskuter under: