— Det var julaftan, nyttårsaftan og bursdag på ein gong. Definitivt det morsommaste eg har vore borti, seier Catrin Sandnes, som fekk telefonen frå Norsk Tipping laurdag kveld.

Ho heldt på å gå i bakken då Roar Jødahl frå Norsk Tipping fortalte kor stor sum det var snakk om.

— Eg trur ikkje du er klok, var min første kommentar, seier Sandnes og ler.

Ho fekk den kjekke jobben med å ringa rundt til dei 20 kollegaene.

— Det var moro å høyra reaksjonane til alle. Me trudde aldri at noko slikt skulle skje. Ein drøymer jo ikkje om det ein gong, seier ho.

Gevinsten var på 9.571.000 kroner, noko som blir 455.000 kroner på kvar.

— Me er heilt i hundre alle saman, og det er jo kjempeflott at pengane gleder så mange, seier Sandnes.

I morgon blir det kakefest i banken.

— Det blir nok mykje klemming, kosing og latter. Og sikkert litt lite jobbing, seier den nybakte lottovinnaren.