Etter at Tide Sjø har truga med søksmål dersom fylkeskommunen gjev storkontrakten til Fjord1 Fylkesbaatane, valde fylkeskommunen i går å leggje hurtigbåtavtalen til kai inntil vidare. Det skjedde trass i at Fjord1 bad fylkestinget tildele kontrakten i tråd med avtalen som blei forhandla fram sist veke — elles ville også Fjord1-konsernet forfølgje saka juridisk.

Billegast?

Sist veke fylkeskommunen gjekk inn for å gje sitt eige selskap, Fjord1 Fylkesbaatane, løyve til å drive hurtigbåtane mot Bergen i ti år. For dette skal fylkeskommunen betale 15,1 millionar kroner i året. Dette er kring 10 millionar mindre enn det som har vore brukt siste åra. Avtalen blei inngått etter at seks selskap i første omgang la inn anbod.

Fjord1 og Tide enda i finalen. Tide har klaga, alt før fylkestinget i går skulle strø sand på tilrådinga. Tide sine juristar meiner dei hadde billegaste tilbodet, og at dei difor skal ha kontrakten. Underforstått i klagen ligg det at Sogn og Fjordane har gitt kontrakten og forfordelt selskapet dei sjølv eig.

Klagen gjer at fylkeskommunen no skal sjå på saka på ny. Men dersom dei skulle finne på å snu, må dei bu seg på søksmål frå Fjord1. Fylkeskommunen kan då kome i den unekteleg spesielle situasjonen at dei blir saksøkte av sitt eige selskap.

- Kan ikkje vite

Styreleiar i Fjord1, Jarle Skartun, seier seg overraska over kor hardt Tide har gått ut, og kor sterkt dei argumenterer for at dei var lågast på pris.

— Etter vårt syn har fylkeskommunen køyrt ein ryddig prosess. Vi har fått null innsyn i tilbodet frå konkurrentane.

— Inneber det at du ikkje veit om Tide sin påstand er rett?

— Nei, eg kan ikkje gå god for den. Det undrar meg at Tide skal kunne vite det. Dei kan ane noko, fordi dei veit at fylkeskommunen betaler oss 15,1 millionar i året. Men dei kan ikkje vite, for dette blir som å samanlikne prisen på eple med prisen på eple. Skilnader i kvalitet påverkar prisen. Kva Sogn og Fjordane fylkeskommune betaler 15,1 millionar for, kan dei ikkje vite. Tide kan heller ikkje vite om Fjord1 har hatt lågare tilbod enn det fylkeskommunen sa ja til.

Lang prosess

Skartun bur seg no på ein lang juridisk prosess. Truleg vil fylkesutvalet kome med si avgjerd i eit av dei første møta etter nyttår. Når avgjerda er teken, kan taparen klage formelt. Dermed blir det ei klagehandsaming som til slutt kan ende opp i Samferdsledepartementet.

— Vi har klaga på avgjerda anbodet på ferjene i Møre og Romsdal der vi tapte. Vi kjem ikkje til å få anbodet, men vi meiner det er gjort formelle feil som vi krev erstatning for. Denne saka har no teke halvtanna år, og er framleis ikkje avgjort, seier Skartun.