Juniorane og U-23 løparane i Hordaland har hatt månadlege samlingar sidan mai under leiing av skiskytter-essa frå Skjelbreid. Dette er eit nytt tilbod som vert organisert av Hordaland skiskyttarkrets under namnet Team Statkraft Hordaland. Dette er eit tilbod til juniorar og seniorarar som står utanfor landslag og som vil satsa på idretten sin.

Skøytefokus

På denne femte samlinga har skøyteteknikk vore i hovedfokus. I påvente av at rulleskibana på Holdhus blir ferdig våren 2008 har ein nytta bygdevegane i kronglete Hålandsdalen. Terrenget her byr på store utfordringar. Å skøyta frå botn i dalen opp 300 høgdemeter til fjellgarden på Åse er litt av ein kraftprøve.

Skytinga er sjølvsagt også høgt prioritert. Egil Gjelland og Raphael Poiree må vel vera noko av det mest kompetente skytetrenarane i heile skiskyttarverda. Her vert det terpa på detaljar i skytestillingar og drill. Er dei ikkje nøgde med våpna er det fram med saga! På tidlegare samlingar har det vore mykje presisjonsskyting på papp og tørrtrening utan skot. No nærmar det seg sesong og fokuset er over på kombinasjon rulleski og skyting på vanlege skiskyttarblinkar.

Snart på snø

Siste økta på samlinga var bakkeløpstesten frå dalbotnen opp til det nye skianlegget ved Heihiller. Her vart Raphael freista til å springa med ungdomane. Sjølv om han starta eit minutt bak feltet så vart kun slått av Bjarte Nestaas Johnsen (19) frå Voss etter eit spurtoppgjer. Det er tredje gongen dei spring denne testen i år og mest alle satte personlege rekordar.

Neste samling vert på snø i starten på november. Då set ein kursen mot Geilo for å førebu Norgescup-opninga som vert på Beitostølen 16.-17. november.

Erik Vangsnes