— Eg har sagt at eg kunne gå ut november, dersom eg ikkje fekk meg anna arbeid. Det har eg fått, seier Eide som om få dagar mønstrar på som mannskap på ferjesambandet Daløy-Haldorsneset.

Då Bergens Tidende i går var i kontakt med driftsleiar Terje Stub i Fjord1 Fylkesbaatane, kunne han opplyse at «Marlin» skal gå i ruta ut november.

— Men Eide seier han har fått seg jobb som han skal ta til i, og at han går siste turen i morgon?

— Då reknar eg med at han får andre til å køyre ruta ut neste månad, seier Stub.

Kan bli vanskeleg

Eide seier at han for vel 14 dagar sidan gjorde det klart at dette ikkje var aktuelt, så framt han fekk ein av jobbane han hadde søkt.

— Vi blei einige om å ha ein dialog, men eg har ikkje høyrt noko sidan.

Fjord1 fryktar det kan bli vanskeleg å få nokon til å ta over den vêrharde ruta framover. For nokre år sidan sa også Eide opp. Då prøvde selskapet lenge å få nokon til å ta over, men det lukkast ikkje. Etterpå let Oddgeir Eide seg overtale til å gå på att.

— Vi arbeider for å få ein erstattar. Det er ein del båtar i dette området, og vi har snakka med fleire av eigarane. Men vi innser at dette kan bli vanskeleg, seier Stub.

Ikkje store kostnader

Ein modell som kan bli aktuell er at Vidar Hop, som i dag har ambulansebåten i Solund, kan ta over. Men det vil i så fall truleg vere avhengig av fleire element, mellom anna om Hop får halde fram med ambulansebåtdrifta. Helse Førde ønskjer å redusere talet på ambulansebåtar i Ytre Sogn og Sunnfjord, og vil truleg ta stilling til dette innan utgangen av året.

Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune som betaler kostnaden med båtruta. Fjord1 har ansvaret for drifta.

— Er dette ei dyr rute å drive?

— Nei. Kostnadene er ikkje noko stort poeng her. I den store samanhengen er dei små. Problemet blir nok om vi får nokon til å ta det ansvaret det er å drive ei rute i dette området, seier Stub.