— Kameratane berga livet til 13-åringen, seier Årdal-lensmann Kristen Olav Grøttebø til Sogn Avis.

Fann han sovande

Då dei tre fann 13-åringen sovande i snøen i Øvre Årdal i 12 kuldegrader, skjønte dei fort alvoret. Dei fekk kameraten i hus og varsla politi og ambulanse.

I huset der den overstadig rusa 13-åringen blei tatt inn, var det folk som kunne førstehjelp.

Etter kort tid vart den sterkt nedkjølte ungguten frakta til sjukehuset i Lærdal.

— Ifølgje legen hadde tenåringen ikkje vore i live i dag, om han hadde lagt ein time lenger ute i snøen, seier lensmannsbetjent Magne Knudsen som var på vakt då dei fekk melding om at guten var funnen.

I politiavhøyr har ein 34 år gammal mann vedgått å ha skjenka 13-åringen. Guten skal ha drukke 2,5 desiliter rein sprit.

I Årdal er politiet relativt sjokkerte etter å ha høyrt forklaringane om at ein vaksen mann skjenka ein mindreårig full på 96 prosent sprit.

— Det var nesten som vi ikkje trudde det vi høyrde. Eg trudde ikkje det var mogleg å servere rein sprit til ein 13 år gammal gut, seier Knudsen.